Hopp til innhold

«Norway nightmare» kan gå mot ein ende

Ifølgje indiske medier går det nå mot ei løysing i den betente barnevernsaka, der eit indisk foreldrepar er fråtekne omsorga for barna sine i Stavanger.

Norway Nightmare - overskrift i indisk TV

To barn blei i mai i fjor tatt frå sine indiske foreldre som for tida er busett i Stavanger. Saka har fått brei dekning i indiske medier, i tillegg til å nå heilt opp på ministernivå.

Foto: Skjermdump frå NDTV

Gunnar Toresen, sjef Barnevernet i Stavanger

Gunnar Toresen, sjef i barnevernet i Stavanger, seier at dei vil vurdera om barna kan bli sende tilbake til India i løpet av dei neste dagane.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

To dagar etter Jonas Gahr Støre var i kontakt med Indias utanriksminister S.M. Krishna, ser det nå ut som om det kan gå mot ei løysing i barnevernssaka i Stavanger.

Saka har oppstått etter at barnevernet tok over omsorga for to indiske barn busett i Stavanger i mai i fjor. I India har barnevernsaka vekka sinne, og ho har blitt omtalt som ei statleg kidnapping frå Norge si side.

Ifølgje indiske NDTV går det nå mot at barna sin onkel i India skal ta over omsorgsretten.

Forsvarar har tru på løysing

Forsvararen til foreldra, Svein Kjetil Lode Svendsen, vil ikkje stadfesta dette, men seier at han har tru på ei løysing i saka:

– Barnevernstenesta har nå fått eit utkast til avtale frå foreldra, ein avtalen som sikrar at barna blir overførte til India. Nå ligg ballen hos barnevernet, seier han.

Måndag hadde han eit ekstraordinært møte med kommuneadvokat Birgit Seierstad og barnevernsjef Gunnar Toresen. Her skal det ha blitt teikna opp punkt som måtte oppfyllast for å få barna til India.

– Me meiner at alle desse punkta blir innfridde i det nye utkastet til avtale som ligg føre, seier Lode Svendsen.

Han har nå tru på at det kan gå mot ei løysing i saka, noko foreldra også har ifølgje han sjølv:

– Dei trur at dei nå kan bli samde om ei løysing, og håper sjølvsagt på dette, seier han.

– Ingenting er avklart

Barnevernsjef i Stavanger, Gunnar Toresen, seier at dei har mottatt utkastet, men at ingenting er avklart:

– Det kjem inga avklaring i dag. Nå må me vurdera denne løysinga slik at me får ei forsvarleg avklaring, men me ønskjer også ei rask avklaring, seier Toresen.

Han seier at dei innan overskodeleg framtid vil ha fatta ein konklusjon. Det er barnevernet i Stavanger som skal vurdera løysinga, saman med den eksperthjelpa dei meiner at dei treng.

Flere nyheter fra Rogaland