Hopp til innhold

Kallar inn til møte i barnevernssaka

Indiske media kallar barnevernsaka frå Stavanger for «Norway Nightmare». I dag møtes partane til ekstraordinært møte, med håp om å finna ei god løysning på problemet.

Gunnar Toresen, sjef Barnevernet i Stavanger

Barnevernsjef i Stavanger, Gunnar Toresen, håper på ei løysning i barnevernsaka.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Norway Nightmare - overskrift i indisk TV

Indiske nyheiter er toppa med at barnevernet i Norge har tatt to barn frå eit indisk par busett i Stavanger.

Foto: Skjermdump frå NDTV

Indiske media gjer for tida brei omtale av barnevernssaka i Stavanger der to indiske barn, nå tre og eit år gamle, er plassert i fosterheim fordi barnevernet meiner at foreldra ikkje er skikka til å oppdra sine eigne barn.

Foreldra er for tida busett i Stavanger der faren jobbar, og har gyldig arbeidsløyve fram til 8. mars.

Ekstraordinært møte

Klokka 13 i dag møtes kommuneadvokat Birgit Seierstad, barnevernsjef Gunnar Toresen og forsvararen til dei indiske foreldra, Svein Kjetil Lode Svendsen, for å diskutera saka.

– Det stemmer at me i dag skal møtast, seier Thoresen.

Dei vil prøva å koma fram til ei løysning i saka som har eskalert den siste tida i indiske media.

Hovudoppslag på indisk TV

Hovudnyheitssendinga på den engelskspråklege nyheitskanalen NDTV i India var laurdag kveld var toppa med saka, som mange i India kallar for ei statleg kidnapping.

Det blei sett av 15 minutt til intervju med foreldra på Skype frå Norge, med besteforeldra til barna, med ein prominent parlamentarikar i studio og med ei rekkje plakatar, sitat og forundring over kva det er Norge driv på med.

Innslaget opna med hovudpåstandane frå partane.

Foreldra hevdar at norske styresmakter har gjort ei stor forbyting, med bakgrunn i manglande kulturell kunnskap og innsikt.

Sjef i barnevernet i Stavanger, Gunnar Thoresen, blei på si side referert på at han avviste at dei var kunnskapslause.

Pratibha Patil

Den indiske presidenten Pratibha Patil skal ha sagt at ho vil kontakta Kong Harald i samanheng med barnevernsaka i Stavanger.

Foto: ADNAN ABIDI / REUTERS

Presidenten involvert

Årsaka til at denne saka har blitt løfta opp på nyheitsvurderingane si øvste hylle i India, er at dei fortvilte besteforeldra på laurdag fekk snakka med India sin president Pratibha Patil.

I presidentpalasset fekk besteforeldra støtte, og presidenten var både skaka og forundra av historia. Ho skal ifølgje besteforeldra til dei to omstridde barna i Stavanger aldri ha høyrt om noko liknande. Ho skal også ha gitt uttrykk for at ho vil kontakta Kong Harald om saka.

Foreldra fortel på Skype frå Stavanger om situasjonen som dei skildrar som eit mareritt. Dei håper at presidenten skal kunne bidra med at dei får tilbake barna som blei tatt frå dei i fjor.

I Thoresen si pressemelding til den indiske kanalen forklarar han barnevernet sitt mandat:

– På grunn av teieplikt kan eg ikkje kommentera detaljar i denne saka. Men barnevernet er alltid plikta til å finna ei løysning som er til det beste for barnet. Me er derfor i samtalar med den indiske ambassaden og forsvararen til foreldra for å koma fram til ei løysning, står det her.

Nå er det altså klart at det i dag blir eit ekstraordinært møte i saka i Stavanger.