Hopp til innhold

Supermåndagen som kan endra noregskartet

I dag strøymer fleire tusen nordmenn til valurnene. 23 kommunar held folkerøysting om kommunesamanslåing.

Ane Mari Braut Nese stemmer i folkeavstemningen

JA-KVINNE: Ordførar i Klepp kommune, Ane Mari Braut Nese var tidleg ute i vallokalet for å gi frå seg stemma si i dag. Sjølv om Bryne blir sentrum i ein eventuell Jæren kommune, stemmer ho ja for samanslåing.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

I dag tidleg opna vallokale frå Hå kommune i sør til Hemne i nord.

Det er nemleg supermåndag der folk frå 23 kommunar fordelt på fem fylke skal få sei kva dei meiner om regjeringa sitt ønske om færre og større kommunar.

– Me kan ikkje gå baklengs inn i framtida, nå er det tid for nye tankar, seier Audun Carlsen, ein av dei som møtte tidleg opp på Klepp for å stemma ja til ein ny Jæren kommune i Rogaland.

Dersom folket seier ja til samanslåing i dag får dei mest truleg viljen sin og noregskartet vil bli endra, men om dei seier nei kan det framleis bli snakk om såkalla tvangssamanslåing eller andre typar konstellasjonar. Det er med andre ord ei rettleiande folkerøysting.

Supermåndag

Her er oversikt over kommunane med folkerøysting måndag 25. april:

Rogaland:

  • Time
  • Klepp

Hordaland:

  • Stord
  • Fitjar

Sogn og Fjordane:

  • Selje
  • Vågsøy

Møre og Romsdal:

  • Vanylven
  • Aure
  • Halsa
  • Surnadal
  • Sunndal
  • Tingvoll
  • Averøy
  • Nesset
  • Eide
  • Fræna
  • Aukra
  • Midsund
  • Rauma
  • Vestnes

Sør-Trøndelag:

  • Hemne

Akershus:

  • Rælingen

Ulike samansetjingar

I Sør-Trøndelag er det Hemne som i dag skal ha folkerøysting om å slå seg saman med Snillfjord i Sør-Trøndelag og Halsa og Aure i Møre og Romsdal.

Møre og Romsdal har heile 13 kommunar som skal ha folkerøysting i dag, og toppar dermed supermåndag-lista. Her har dei som skal stemma mange alternativ, då verken namn eller kommunekonstellasjonar er støypte i jern før valet.

Utanom i Vanylven. Der stemmer folk på om dei vil gå i lag med Selje og Vågsøy på andre sida av fylkesgrensa i Sogn og Fjordane. Dei kan bli Stadt kommune.

Her er det altså snakk om tre kommunar på kvar si side av Stadfjellet, det mest bastante grenseskiljet langs norskekysten, som skal finne ut om dei vil høyre i saman.

Fitjar og Stord kommune i Hordaland ligg allereie på same øy. I dag skal folket sei om dei meiner det er på tide at øya blir samla under ein og same kommune.

I Rogaland handlar det i dag om Jæren, der dei allereie har ein sterk felles identitet, skal bli samla til ein kommune. Eller om ein vil halda fram som tre kommunar. Mange ser på den sørlege Hå-kommune som avgjerande, sidan det er her nei-vinden bles sterkast. Ein storkommune på Jæren vil bli ein kommune med om lag 50.000 innbyggjarar.

Folkerøysting

ENKELT VAL: I jærkommunane Hå, Time og Klepp er valet enkelt. Ja, nei eller blank. Men i kommunar i Møre og Romsdal er det langt fleire svaralternativ.

Foto: Mathias Oppedal / NRK