Hopp til innhold

Går langt i å lova øvingsanlegg for tunnelbrannar i Rogfast

Fylkesordføraren i Rogaland så godt som garanterer at dei vil laga ein undersjøisk tunnel til å øva på tunnelbrannar og -ulukker, dersom Rogfast blir vedtatt i Stortinget. – Me treng sårt eit slikt anlegg, seier brannsjefen i fylket.

Gudvangatunnelen

ANDRE BRANNEN PÅ TO ÅR: Turistbussener fullstendig utbrent i Gudvangatunnelen i Aurland kommune. For berre to år sidan var det ein brann i den same tunnelen. Heldigvis har ingen mista livet i nokon av brannane.

Foto: Veum, Arne / NTB scanpix

I går var ulukka ute nok ein gong i Gudvangatunnelen i Sogn og Fjordane, berre to år etter førre tunnelbrann der.

I dag går fylkesordførar i Rogaland, Janne Johnsen (H), langt i å garantera for eit øvingsanlegg for tunnelbrannar i samband med Rogfast.

Rogfast

BLIR VERDAS LENGSTE: Rogfast vil gjera det mogleg å kryssa Boknafjorden og Kvitsøyfjorden i det som blir verdas lengste undersjøiske vegtunnel.

Foto: Statens vegvesen

Tredje tunnelløp kan bli øvingsarena

Rogfast er ein undersjøisk tunnel som er planlagd under Boknafjorden, for å erstatta dagens 25 minutt lange ferjestrekning på E39. Planen er at Rogfast blir behandla i Stortinget neste vår og at byggestart blir mot slutten av 2016. I så fall kan tunnelen opnast i 2024. I samband med arbeidet vil entreprenørane trenga eit tredje, kortare tunnelløp til å frakta ut steinmasse ved Mekjarvik.

– Når Rogfast er ferdig, så vil ikkje det tunnelløpet bli brukt til ordinær trafikk, og der ligg det ein moglegheit til å utvikla eit øvingssenter for tunneltryggleik, seier Norvald Skretting, næringssjef i Rogaland.

– Dersom Rogfast blir vedtatt, kjem denne tredje tunnelen uansett. Då må me få bygd den på ein slik måte at me kan bruka den til noko smart etterpå, seier fylkesordførar Johnsen, og held fram:

Janne Johnsen

VIL HA ØVINGSANLEGG: – Me har eit ansvar, både lokalt og nasjonalt, for å bli god på tunneltryggleik, seier fylkesordførar i Rogaland, Janne Johnsen (H).

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Eg er ganske sikker på at denne tunnelen kjem uansett. Anten er Staten med på eit spleiselag, eller så må me gjera dette sjølv. Me har eit ansvar lokalt for at dei to tunnelane, som blir verdas lengste undersjøiske tunnelar, har brannmannskap som er gode nok til å handtera det dei møter der nede, seier ho.

– Stor forskjell på flate og bratte tunnelar

– Alle tunnelbrannane dei siste åra har vist at me burde gjera noko, seier brannsjef i Rogaland Brann og redning, Henry Ove Berg.

Øvingstunnelen i Rogfast ved Mekjarvik skal etter planen bli 700 meter lang.

– Det er stor forskjell på tunnelar med stigning og tunnelar som er flate. Me må forstå korleis luftstraumane og giftgassane bevegar seg. Me treng sårt eit anlegg, både for oss lokalt, men også for heile landet, der me kan øva ofte på slike situasjonar i denne typen tunnelar, seier Berg.

Henry Ove Berg

BRANNSJEF I ROGALAND: Henry Ove Berg er brannsjef i Rogaland Brann og redning.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Skal vera best

Blant anna i Rauma i Møre og Romsdal er det ein tunnel som blir brukt til brannøvingar. Skretting seier Rogaland har eit mål om å bli ein leiande ressurs på dette området.

– Det er eit mål her i Rogaland å bli best på dette feltet, ikkje berre for vår eigen del, men for å kunne tilby kompetanse til andre miljø i landet og Europa elles, seier han.