Hopp til innhold

Fin flyt i trafikken trass vegarbeid

Ingen store problem då omkøyringsvegen på E39 ved Mosvatnet blei opna fredag morgon.

Nytt kjøremønster på E39

Dag Daland, delprosjektleiar i Ryfast-prosjektet, er nøgd med trafikkflyten etter omlegginga.

Delprosjektleiar Dag Daland i Statens vegvesen seier at alt er som det skal på vegen etter små forseinkingar i arbeidet ved Schankeholen fredag morgon.

– Trafikken går som forventa. Me ar vore ute sidan klokka 06.00 i dag, og fekk lagd om trafikken rundt klokka 06.30. Opninga blei forsinka med ein halv time grunna regn – me er avhengig av tørr vegbane for å få merka.

Det er på grunn av arbeidet med Eiganestunnelen at køyremønster på E39 vert lagd om i periodar. Rundt påsketider blir det endra køyremønster på andre sida, i Nordgåande retning.

Også ved Soma flyt trafikken greitt under arbeidet med ny gang- og sykkelsti melder Statens vegvesen.