Hopp til innhold

Bygdelisteordføraren som seier nei til kråker og ja til høge hus

Trass lita oppslutning for bygdelister klarer dei i nokre kommunar å få eit solid politisk fotfeste. Terje Mjåtveit har blitt ein populær ordførar i Hå med saker som skotpremie på kråker og større høghus enn nabokommunen.

– Sidan eg er bonde ville kanskje Senterpartiet vore det mest nærliggjande partiet å gå til, men når eg veit kor bra det er i ei bygdeliste ville eg aldri gått inn i eit parti med sentralstyre, seier ordførar Terje Mjåtveit (57) i Hå i Rogaland.

Han sit på ordførarkontoret sitt på Varhaug der kommuneadministrasjonen held til. Sjølv om det finst fleire tettstader i Hå er det bygdelista med namn Nærbølista som har flest representantar i kommunestyret, meir enn etablerte parti som Kristeleg folkeparti, Arbeidarpartiet og Høgre.

– Eg trur me står friare til å gjera ting enkelt, og av og til kan me ta ein innersving, seier Mjåtveit om kvifor folk stemmer på bygdelista hans.

Bygdelisteordførarar over heile landet

I eit lengre historisk perspektiv har lokale lister vore på retur i Norge, men dei har likevel hatt kraft til å overleva. Dei siste 20–30 åra har dei ligge stabilt på eit lågt nivå ifølgje Jacob Aars, som forskar på kommunepolitikk ved UNI Rokkansenteret i Bergen:

– Ved valet i 2007 var det så få som 2,9 prosent som stemde på bygdelister. Likevel ser me at listene står sterkt i nokre kommunar, og fleire stader har dei også ordføraren, seier Aars.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Han seier det finst ein del viktige kriterium for at ei bygdeliste skal kunne få fotfeste og brei oppslutning hos veljarane:

– Den slåande kombinasjonen for bygdelistene som lukkast er at dei fokuserer på ei lokal konfliktsak og at dei har ein leiar som frontar lista på ein god måte.

Likevel er det berre mindre enn halvparten av alle lokallistene som klarer seg lenger enn to valperiodar.

– For at dei skal vara lenger må dei på mange måtar nærma seg dei etablerte partia med at dei har program med meir enn ei sak, organisera møter og bli meir og meir institusjonaliserte.

Karisma og blest

Nærbølista har greidd dette, og er ei av listene som har klora seg fast i det politiske landskapet sidan dei blei etablerte på 60-talet. Som med så mange andre lokale lister i landet var det kamp mot kommunesamanslåing som gav grobotn til lista.

Mjåtveit som nå avsluttar sin andre periode som ordførar i Hå veit ikkje kor viktig det er med ein karismatisk leiar for å lykkast, men innrømmer at det ofte blir mykje blest rundt utsegn og politikken han står for.

Eit slikt utsegn kom i etterkant av at byen Bryne i nabokommunen hadde fått seg eit nytt høghus på 66 meter. Mjåtveit var då ute og ville ha eit endå høgare hus på Nærbø slik at ein i Hå kunne sjå ned på Time:

– Dette er heilt useriøst, og var nok berre noko eg slengde ut ein gong. Men me må sleiva litt av og til, slik at me får litt blest rundt ting, seier ein Mjåtveit som er lei av alt oppstyret rundt dette enkle utsegnet.

Skyt ei kråke – få 15 kroner

Om det er blest Mjåtveit vil ha er det sikkert at han har fått det i tida han har vore ordførar. Særleg etter han fekk gjennom skotpremie på kråker. For kvar kråke du drep i Hå kommune får du nå 15 kroner utbetalt.

Bakgrunnen for dette var ein dag ordføraren sat og såg ut over eit jordet på garden hans.

– Der såg eg kråker som drap vipeungar i eit reir. Det gjorde vondt å sjå på, og eg veit som bonde at dette er eit problem som har vore aukande, seier han.

Dermed gjekk han til rådmannen og sa han ville setja i gang eit tiltak for å redusera kråkebestanden til fordel for vipa, som er sjølve symbolfuglen på Jæren, og slik blei det.

Kritikken har i ettertid kome frå fleire hald, men redaktør i lokalavisa Jærbladet trur slike saker kan vera med å styrka ordføraren sin popularitet:

– Jærbuar likar folk som handlar raskt og sett i gang tiltak som dei har tru på, men det må vera saker som gjeld for folk i heile Hå, seier Kjell Olav Stangeland.

Han følgjer kommunepolitikken tett, og sjølv meiner han at Mjåtveit som person er mykje av årsaka til at det går så godt med Nærbølista som det gjer.

Ordførarar frå etablerte parti

Ordførarar frå dei etablerte partia

Parti

Ordførarar

Det Norske Arbeidarparti

179

Framstegspartiet

17

Høgre

75

Kristeleg Folkeparti

22

Senterpartiet

83

Sosialistisk Venstreparti

5

Venstre

11

Ut frå denne oversikta frå SSB kan ein sjå at bygdelister har ordførarar i fleire kommunar enn det Frp, KrF, V og SV har. SSB reknar at det var 23 ordførarar frå lokale lister etter valet i 2007.

– Dei nære ting

Men det er ikkje berre karisma som må til for å lykkast for bygdelistene. Jacob Aars er overbevist om at bygdelister har ei framtid i norsk politikk og at det heilt openbart er eit rom til dei:

– Lokale val handlar om lokale saker, dermed blir det eit rom for andre politiske aktørar enn dei nasjonale partia, seier han.

Mjåtveit er samd. Det han aller helst vil snakka om er utbygging av sjukeheimen, trygging av farlege kryss og jobben med å få mest mogleg att for jordbruksprodukta på Jæren.

– I dei seinare åra har det vore veldig overdrive når ein kjem heim og ser på TV-debattane rundt valet der rikspolitikarane diskuterer store tema seg i mellom. Lokalvalet handlar om dei nære ting, seier han.

Spesielt på landsbygda legg han til. Og det er i hovudsak i små landlege kommunar lokallistene står sterkt:

– Dei rikspolitiske konfliktlinjene er meir dominerande i store kommunar, dette gjer at lokalpolitikken blir trekt nærmare den nasjonale politikken her, seier Aars.

– Det ligg i namnet kven dei jobbar for

Langt frå den nasjonale politikken og dei store linjene sit nokre pensjonistar samla på ein kafè på eit av kjøpesentra på Nærbø og snakkar val.

Dei har alle ulikt syn på korleis det er å bu i ein kommune der bygdelista Nærbølista sit ved roret.

– Tidlegare har eg stemd på Nærbølista, men dei seinare åra har eg gått over til Frp. Ordføraren har likevel gjort ein kjempegod jobb, ingen kunne gjort det betre, seier Reidar Reime.

Gerd Reime er ikkje samd. Ho meiner at Nærbølista ikkje tenker nok på dei andre tettstadene i Hå:

– Det er mange gode kandidatar på lista, men så lenge dei ikkje representerar dei etablerte partia vil eg ikkje stemma på dei, seier pensjonisten som opphavleg er frå Varhaug, men som er busett på Nærbø.

Veninna Gunnlaug Høyland seier ho stemmer Nærbølista, men ho innrømmer at ho ikkje hadde gjort det om ho kom frå til dømes Brusand sør i Hå kommune.

Andre NRK.no snakka med på kjøpesenteret på Nærbø meinte også at bygdelista først og fremst kjempar for bygda si:

– Det ligg i namnet kven dei jobbar for, sjølv kjem eg frå Vigrestad og vil stemma på Høgre ved dette valet, seier Jarle Reime (29).

Ordføraren sjølv meiner at dei kjempar for heile kommunen, og at eit namnebytte har blitt vurdert:

– Me vurderte å gjera om på namnet etter førre val, men kom fram til at tida ikkje var moden for det endå, seier Mjåtveit.

Tre pensjonistar som alle har ulikt syn på valet

Reidar Reime (t.v), Gerd Reime og Gunnlaug Høyland er usamde når det kjem til politikk. Gerd som er frå Varhaug kunne aldri ha tenkt seg å stemma på Nærbølista.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Viktig å vera eit ikkje-parti

Sjølv om bygdelister med brei oppslutning helst er å finna i bygder og små kommunar ser ein også døme på store kommunar der lokallister står sterkt.

I Hamar har Einar Busterud sete som ordførar for By- og bygdelista i tre periodar:

– Eg trur folk i Hamar rett og slett hadde fått nok av Ap-dominansen som hadde vore i kommunen her i fleire tiår, seier Busterud.

Lista blei oppretta i 1991 og han meiner at dei har greidd å få med folk som elles ikkje ville engasjert seg i politikk, sidan dei er partipolitisk uavhengige.

Dette meiner også Mjåtveit er riktig. Han seier at i bygdelista er det også meir rom for å gjera ting på enklare måtar enn i dei etablerte partia.

– Eg skal ærleg innrømma at me har tatt innersvingar når det kjem til saksgang, men det meiner eg er viktig for å få fortgang i viktige politiske prosessar. Eg blir mange gonger varm i hovudet av alt byråkratiet og av at alle skal meina noko om alt, seier han.

Og kanskje er det nett det som slår an hos folk, og som gjer at også folk frå Varhaug, Vigrestad og Brusand stemmer på Nærbølista, sjølv om kampsaka til lista i si tid var å lausriva Nærbø frå Hå.

Med nytt val for dør torer likevel ikkje Mjåtveit å ta noko for gitt.

– Det blir eit spanande val, og me skal i alle fall gjera det me kan for å få flest mogleg stemmer, seier han.

Stangeland i Jærbladet trur ikkje Nærbølista vil ha like mange representantar i kommunestyret til neste år, men trur likevel at Mjåtveit vil sitja på ordførarkontoret i alle fall ein periode til.