Hopp til innhold

– Tenk dykk om ein gong til

Tora Aasland, som for tida vikarierar som Barne-, likestillings- og inkluderingsministar, blir flau over at det er kommunar i landet som seier nei til å ta imot flyktningar. Tvangsinnføring til kommunane kan bli ei mogleg løysing.

Tora Aasland

Statsråd Tora Aasland rettar ein peikefing til kommunane som seier nei til å ta imot flyktningar.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / SCANPIX

– Det er ille å høyra at det er kommunar som ikkje vil ta imot og busetja flyktningar, seier den vikarierande statsråden til NRK.no.

Ho legg til at det er svært viktig å integrera flyktningar så fort som mogleg, om ikkje situasjonen i mottaket skal forverra seg.

– Tek ikkje sin del av jobben

– Så langt har omlag 95 prosent av kommunane takka ja til å ta imot sin del av flyktningane for 2011, seier Ohene Aboagye i Inkluderings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi).

Direktoratet har nå fått svar frå så godt som alle dei 287 kommunane dei har bedd om å ta imot 5300 flyktningar i 2011. Dette er ei halvering av kor mange Norge tok imot i fjor.

Sjølv om dei aller fleste kommunane takkar ja, ergrar dei sentrale styresmaktene seg over at det er nokon som nektar å busetja flyktningar i kommunen sin.

– Dei vrir seg unna eit viktig samfunnsansvar, og når ein kommune seier nei er det andre kommunar som får jobben med å busetja desse flyktningane, seier Aboagye.

For ressurskrevjande

Terje Mjåtveit

To år på rad har ordførar i Hå kommune, Terje Mjåtveit, vore med på å seia nei til flyktningar.

Foto: Per Thime/NRK

Hå kommune i Rogaland er ein av desse kommunane . Dei ville ikkje ta imot flyktningar i 2010 og vil heller ikkje ta i mot dei 15 flyktningane som IMDi ville at dei skulle ta inn i 2011.

– Det er inga lett oppgåve å finna bustader i kommunen vår. Dessutan brukar me mykje ressursar i form av helseteneste og andre ting på flyktningmottaket me allereie har på Nærland, seier ordførar i kommunen Terje Mjåtveit som representerar Nærbø-lista.

Dette meiner Aboagye i IMDi at ikkje er eit tilstrekkeleg argument. Han seier at stønad frå staten i teorien gjer at kommunane ikkje tapar eit øre på flyktningmottak, og at kommunane tvert om tenar på å busetja flyktningar.

– Flyktningane er for eksempel kjempeviktige for eldreomsorga, der det vil vera behov for svært mykje arbeidskraft i framtida, seier Aboagye.

Kan bli tvang

Kirsti Bergstø

– Målet er tidleg busetjing for flyktningane, dersom me ikkje lukkast med dette kan tydelegare føringar frå regjeringa vera eit alternativ, seier statssekretær Kjersti Bergstø.

Foto: Sosialistisk Ungdom

Ifølgje VG er nå regjeringa leie av at kommunar som Hå, takkar nei til å ta imot flyktningar.

Derfor skal det ha blitt fremja eit forslag frå regjeringa om å tvinga kommunar til å ta inn flyktningar.

Eit forslag Stein Aarsland i Kristeleg Folkeparti i Hå, stillar seg bak:

– Eg trur at dette må til. Det er ikkje verdig at folk som har budd eit år eller to på eit mottak ikkje skal få ein stad å bu, seier han.

Kjersti Bergstø, statssekretær i Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet vil ikkje kommentera VG sine spekulasjonar. Ho seier likevel at dei er opne for strengare føringar frå regjeringa dersom kommunar ikkje vil ta imot flyktningar.

– Blir flau

Tora Aasland sjølv seier at ho blir flau av at Hå kommune, som er i heimfylket hennar, ikkje vil ta imot flyktningar.

– Det kostar ingenting ekstra å busetja flyktningar, sidan ein får ekstra tilskot frå staten, seier ho.

Flyktningane som IMDi vil at kommunane skal busetja er alle personar som har fått opphaldsløyve etter søknad om asyl, eller overføringsflyktningar som Norge er plikta til å ta imot.

Flere nyheter fra Rogaland

Erlend Hustad

Full kok etter rødt kort – Jerv-treneren slakter dommeren