NRK Meny
Normal

Sterke stemmer frå grasrota

Bygdene som ligg på andre sida av fjorden for Volda sentrum er redde for å hamne i bakevja om ferja ikkje går ofte nok. Dei har starta si eiga politiske liste til kommunevalet: Ferjelista. Bygdelistene er eit friskt politisk innslag over heile landet i desse dagar.

Ferjelista

Frå venstre: Odd A. Folkestad, Jakob Helset og Rolleiv Hjelle driv valkamp på ferja mellom Volda og Folkestad.

Foto: Øyvind Sandnes

Odd A. Folkestad frå Folkestad i Volda er listetopp for Ferjelista. Denne lista vart starta til årets val.

Årsaka er sterk misnøye med dei politiske partia si behandling av dei som bur på andre sida av fjorden for Volda sentrum.

Neste år opnar det nemleg ein ny veg mot Austlandet på sentrumssida av fjorden. Folket på Ferjelista vil ikkje godta at dette fører til dårlegare ferjetilbod. Dei tek difor saka i eigne hender.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Styrkar demokratiet

Og forskarane er samstemde. Dei lokale listene styrkar demokratiet.

  • Forskarar ved Rokkansenteret i Bergen har funne ut at valdeltakinga er nærare 68 prosent i kommunar der bygdelister eller felleslister stiller til val.
  • I kommunar der berre dei nasjonale partia er representerte, er valdeltakinga på 58 prosent. Dermed kan det tyde på at lokale lister skaper politisk engasjement.

Kall meg gjerne bygdeoriginal. Det tar eg som eit kompliment.

Odd A. Folkestad, listetopp for Ferjelista

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Mange lister

Fram til 1940-åra var slike lister einerådande i mange kommunar, men gradvis har dei politiske partia tatt over.

Likevel finn vi kommunar der dei politiske partia er i mindretal. I Modalen i Hordaland har folket valet mellom Samlingslista for Modalen og Solrenningslista.

Men dette er unntaket. Ved valet i 2007 fekk desse listene 3,5 prosent av stemmene.

Eksempel på slike lister er:

Stemmene frå grasrota
Andrea Mandt

Andrea Mandt har skrive masteroppgåve om lokale lister.

Foto: Therese Mandt

Andrea Mandt har skrive masteroppgåve om stemmene frå grasrota, som ho kallar det.

– Eg ville skrive om dette fordi det er så spennande å sjå korleis folk vel seg vegar utanom dei etablerte partia. Det er lett å tenke at alle fell inn under eit spesielt politisk parti. Men det er slett ikkje tilfelle når ein går nærare inn på det, fortel ho.

Sjølv om du ikkje kan vere heilt sikker på kva du får når du stemmer på ei liste som ikkje har eit politisk program i ryggen, meiner Mandt at slike lister styrkar demokratiet.

Valdeltakinga går opp i kommunar der slike lister stiller til val. Det engasjerer veljarane. Det gir også folk ei mulegheit til å delta i politikken utan å setje ein merkelapp på sitt politiske engasjement, seier Mandt til NRK.

– Komplett program

Valkamp på ferja

Ferjeliste-representantane driv valkamp på ferja mellom Volda og Folkestad.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Brennande politisk engasjement for ei sak er vel og bra, men korleis skal veljarane vite kva Ferjelista meiner om helse og oppvekst?

– Programmet vårt er heilt komplett. Det inneheld formuleringar om alle sektorar. Eg vil hevde at dei som les det synest vi har lagt mykje arbeid i det, seier listetopp Odd A. Folkestad.

Sjå video, «Kall meg gjerne bygdeoriginal.»:

Video Kvifor Ferjelista?

Odd A. Folkestad er listetopp for Ferjelista.

Levetid

Hanne Marthe Narud

Professor Hanne Marthe Narud meiner det er positiv at lokale lister kan fange opp protestreaksjonar i samfunnet.

Foto: UiO

Misnøye med politiske parti, eller sterkt engasjement for ei spesiell sak, er ofte årsaka til at slike lister blir danna. Og dette er likt over heile landet. Men brennbare tema kan slokne fort, dermed er det ikkje alle slike lister som har lang levetid.

– Når saka er vunnen, eller ikkje lenger er på dagsorden, då har desse listene ein tendens til å døy hen, seier Hanne Marthe Narud som er professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo.

Men nokre klorar seg fast og blir. Som til dømes By- og bygdelista i Hamar som har hatt ordføraren i tre periodar.

– Dette er litt opp og ned. Nokre lister er veldig kortvarige. Dei har som einaste formål å få igjennom den saka dei vart danna for. Då vil den enkelte representant stå relativt fritt til kva dei vil stemme i andre saker. Mens andre lister, som er meir veletablerte, har programpunkt også på ei rekke andre område.

Veljarane

Ida Nordbø

Ida Nordbø har bestemt seg for å stemme på Ferjelista allereie.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

På ferja mellom Volda og Folkestad får politikarane på den nydanna lista mykje støtte. Ida Nordbø er ei av dei som lovar å stemme på dei.

– Det er viktig for oss som bur på denne sida av fjorden at ferja ikkje stoppar. Det går ikkje, seier ho.

Erling Sætre

Erling Sætre er sentrumsbuar og vil ikkje støtte Ferjelista. Men han forstår at dei kjempar for saka si.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Men i Volda sentrum ser det ikkje ut til å vere like mange stemmer å hente. Erling Sætre bur på den "trygge" sida av fjorden. Han trur Ferjelista kjem til å få stemmer frå eit sterkt avgrensa geografisk område.

– Om eg hadde budd på andre sida av fjorden, hadde eg stemt på dei. Tenk for eit tap for dei som bur der om det blir kutt i rutetilbodet på ferja, seier han.

– Mønstrar populære kandidatar

Jacob Aars

Jacob Aars er forskar ved Senter for samfunnsforsking ved Universitetet i Bergen.

Foto: www.sivilsamfunn.no

Forskar Jacob Aars ved Universitetet i Bergen meiner bygdelistene gir veljarane mulegheit til å få fram sitt syn på ei sak dei andre partia ikkje bryr seg så mykje om.

– I tillegg så mønstrar ein del av desse listene viktige og populære kandidatar, seier han.

– Men det er kanskje litt vanskeleg å vite kva dei vil stemme i andre saker?

Det er ofte ein usikkerheitsfaktor, ja. Men vi skal ikkje gløyme at mange av desse listene varer meir enn eit val. Og mange lagar også politiske program som gjeld fleire saker enn den eine, seier forskar Jacob Aars.

Og han er sikker på at dei lokale listene har ei framtid.

– Desse listene har vore eit veldig stabilt element i lokalpolitikken. Dei er små sett i nasjonal samanheng, men dei er store i enkelte kommunar.

– Partia er organiserte rundt nasjonale konfliktspørsmål, og klarer ikkje fange opp alle lokale motsetnader. Der er dei lokale listene, og klarer å mobilisere, slår Jacob Aars fast.

Folkestadferja

Kampen for ferja har ført til ei ny politisk liste i Volda denne valkampen. Forskarane er samde om at lokale lister styrker demokratiet.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK