Hopp til innhold

Lillebror tror han kan slå storebror

Sjølv om Henrik Ingebrigtsen seier forma er bra, få dagar før innandørs EM går av stabelen i Praha, har lillebror trua på at han kan slå storebror.

Ingebrigtsen.brødrene klar for EM

SJÅ VIDEO: Henrik Ingebrigtsen hadde ikkje våre glad hvis lillebroren hadde slått ham i EM.

– Eg har mål om gull, og dersom eg reiser derifrå utan medalje, så blir eg skuffa, det seier Henning Ingebrigtsen få dagar før det brakar laus i Praha.

For til helga er det nemleg innandørs EM i friidrett, og Ingebrigtsen meiner han er i god form.

– Eg har ikkje ein formtopp, men den er stigande, og den siste tida har treninga gått kanonbra, seier Ingbrigtsen.

Han skal etter planen både konkurrere på 1500 meter og 3000 meter i meisterskapet.

Det er mange av dei same konkurrentane han møter innandørs som han møtte utandørs i fjor, men å vete kor tøff konkurransen blir, er vanskeleg.

– Du veit jo ikkje kva form dei andre er i. Me er midt på vinteren og kva dei gjorde i fjor sommar har jo ikkje så mykje å bety når me står på startstreken.

Inspirert av Northug

Ingebrigtsen har nettopp vore på treningstur til Sør-Afrika, men kom akkurat heim i tide til å få med seg dei mange bragdene til Petter Northug i ski-VM, og det har inspirert løparen.

– Det var veldig kjekt å sjå på langrenn dei siste dagane av VM. Om eg skal toppa det han gjorde så må eg jo konkurrere i både høgde, 1500 meter, 3000 meter, lengde og kanskje 60 meter, ler han.

Kva synst du om sprinten på femmila?

– Han får jo dei andre til å sjå dumme ut. Så viss eg greier å gjera det same så er det jo nøydt til å bli bra.

Ikkje for alvor i gong

Sjølv om det er EM allereie i helga, er det ei stund før friidrettssesongen er i gong for fullt.

– Sesongen begynner for fullt i slutten av mai, og byrjinga av juni. Så i juni, då blir det bra, avsluttar ein optimistisk Ingebrigtsen.