Hopp til innhold

- Regjeringa kan dra til helvete og endå lenger

– Regjeringa kan reise til helvete og endå lenger. Dei burde spørje korleis eg kjenner meg når eg må gå til kyrkja for å tigge mat, seier den greske pensjonisten Anais Ametaxopoulou.

Generalstreik i Hellas.

Det er mykje sinne og frustrasjon i Hellas, ikkje minst blant pensjonistar.

Foto: PANAYOTIS TZAMAROS / Afp

Han var ein av rundt 16.000 som tok til gatene i Aten i dag, i samband med ein ny generalstreik. 65-åringen har alt opplevd harde kutt i pensjonen sin og seier rett ut at han ikkje har nok pengar til å greie seg.

Ny generalstreik i Hellas.

Streiken starta tysdag morgon og skal vare i 48 timar.

– Vanlegvis kan eg ikkje skade ei fluge, men eg skulle gladeleg ha halshogd ein av dei, seier han og siktar til den greske regjeringa.

Frustrasjon og sinne

Fleire hundre tusen grekarar starta i dag ein todagars generalstreik i protest mot dei økonomiske innstrammingane. Offentleg transport er spesielt hardt ramma av streiken. Frustrasjon og sinne er stikkord for kjenslene til mange grekarar i desse dagar, det er mange som har mist levebrødet sitt.

Rundt 16.000 av dei streikande demonstrerte utanfor parlamentet i Aten i dag. Slike demonstrasjonar har tidlegare ført til dels harde samanstøytar mellom demonstrantar og politi, men hittil i dag er det ikkje meldt om alvorleg episodar i dag.

Generalstreik i Hellas.

Dei to største fagforeiningane i Hellas står bak den nye generalstreiken.

Foto: PANAYOTIS TZAMAROS / Afp

Ein av demonstrantane, 42 år gamle Dimitris Karavelas, som nyleg vart tvungen til å leggje ned det vesle entreprenørselskapet sitt, seier det mange grekarar meiner om den økonomiske situasjonen i landet.

– Betalar ikkje skatt

– Innsparingstiltaka er feil politikk. Politikarane og dei rike betalar ikkje skatt. Dei einaste som betalar skatt er dei som tener mellom 300 og 500 euro i månaden, seier han til nyheitsbyrået Reuters.

Hellas skuldar enormt med pengar, og EU og Det internasjonale pengefondet (IMF) har stilt harde krav til innsparingar i offentlege utgifter og andre harde vilkår for nedbetaling av gjeld, før det blir snakk om å gi fleire lån.

Blant dei mildt sagt upopulære tiltaka i den siste sparepakken er kutt i pensjonar med 25 prosent og slutt på utbetaling av feriebonusar. Regjeringa har sagt at dette er siste runden med kutt, men folk trur ikkje på det.

LES OGSÅ: Gresk storoffensiv mot skattejuks

Avgjerande avrøysting

Det er ei avgjerande avrøysting om krisepakken i det greske parlamentet onsdag, og det er venta at regjeringa sitt forslag får fleirtal. Men statsminister Antonis Samaras kan rekne med støtte frå berre 154 representantar av dei til saman 300 i det greske parlamentet.

Fleire representantar frå PASOK, det sosialdemokratiske partiet, har sagt at dei vil røyste mot krisepakken, og dersom endå fleire gjer det same kan fleirtalet vere i fare.

Og det kan føre til eit nytt politisk kaos i Hellas, som igjen vil føre til ny frykt for at landet vil gå ut av eurosamarbeidet.

LES OGSÅ: Keiseren uten klær

LES OGSÅ: Grekerne ber om mer tid til sparetiltak


SISTE NYTT

Siste nytt