Minst 44 menneske er drepne i kampar mellom den jemenittiske hæren og al Qaida-assosierte opprørsgrupper sør i Jemen i dag.
Hæren har gått til omfattande åtak på ei al Qaida-base i byen Jaar. Samstundes raste kampar mellom jihadistar og lokale militsar i fleire andre byar, ifølgje kjelder.
LES:
Også sivile drepne
Tjuefem islamistiske militante skal vere blant dei døde. 13 blei drepne i luftåtak i Jaar og 12 i dei kampane som raste i byen Loder, ein annan by i den urolege Abyan-provinsen.
I Jaar skal også to sivile vere blant dei drepne, medan to soldatar og fem væpna innbyggjarar døydde i Loder, ifølgje vitne og militære kjelder.
Aksjon mot al Qaida
Jemenittiske styrker trappa laurdag opp ein stor militær aksjon for å gjenerobre tettstader og byar som al Qaida har teke kontrollen over, mellom anna hovudstaden i Abyan, Zinjibar.
Ifølgje kjelder førte kampane i helga til at 37 væpna opprørarar med band til al Qaida blei drepne, men desse tala er ikkje stadfesta.
LES:
LES:
Ein militær tenestemann seier til nyheitsbyrået Afp at 12 soldatar er blitt drepne sidan operasjonen blei trappa opp laurdag, medan ifølgje nettstaden til det jemenittiske forsvarsdepartementet skal seks soldatar ha blitt drepne i kampane.
Intens aksjon over fleire veker
Samanstøyt mellom hæren og opprørsgrupper med band til al Qaida har gått føre seg i fleire veker.
LES:
LES:
Over 250 menneske skal ha blitt drepne etter at myndigheitene intensiverte aksjonen mot dei militante opprørarane.
Regjeringa skuldar militantgruppene for å ha gått til åtak på ein militærleir nær Lawdar førre månad.