– Dei kenyanske styrkane opererer no 100 kilometer inne i Somalia, og militærfly har bomba inne i landet. Dette kjem dei til å angre på, og dei vil kjenne
konsekvensane av det heime i Kenya, sa Shabab-talsmannen sjeik Ali Mohamud Rage på ein pressekonferanse i Mogadishu i dag.
Terror i Uganda
Han sa ifølgje AP at det kan kome angrep som det i Uganda i fjor, då
. Sjølvmordsbombarar frå Al-Shabab slo til mot ein kafé der fleire hundre menneske var samla for å sjå i finalen i fotball-VM på fjernsyn.Rage sa at dette angrepet vart gjennomført fordi Uganda har soldatar inne i Somalia som del av fredsstyrken frå Den afrikanske union (AU).
Den kenyanske hæren har erklært krig mot Al-Shabab-geriljaen etter at den islamistiske organisasjonen har bortført fleire utanlandske hjelpearbeidarar. Sist torsdag vart to spanske hjelpearbeidarar
Dadaab i Kenya.LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Kvinner bortførde
Tidlegare har ei britisk- og ei fransk kvinne blitt bortførte frå kenyanske turistbyar ved Det indiske hav. Al-Shabab har nekta for å ha noko med desse bortføringane å gjere, men kenyanske styresmakter set ikkje lit til det.
Kenyanske politikarar fryktar at bortføring av utlendingar skal true den viktige turistindustrien i landet.
Kenyas utanriksminister Moses Masika Wetangula seier at Kenya forsvarar seg etter dei mange bortføringane. Han hevdar at dei vart bedne om å gripe inn av den somaliske regjeringa.
Dette er ikkje stadfesta på offisielt somalisk hald, om det er mogleg å snakke om offisielt hald i dette landet, som har vore prega av borgarkrig i mange år. Men ein somalisk FN-diplomat BBC har snakka med seier at eit kenyansk angrep inne i Kenya vil vere ei krenking av Somalias suverenitet.
LES OGSÅ:
– Tungt væpna soldatar
Fleire tusen kenyanske soldatar skal ha kryssa grensa til Somalia sidan i går.
Saleban Mohamed, ein stammerådsmedlem i ein landsby utanfor Qoqani, rundt 75 kilometer frå grensa til Kenya, seier til nyheitsbyrået Reuters at han har sett 32 lastebilar og stridsvogner og fleire hundre menn.
Ein annan landsbybuar seier at kenyanarane er tungt væpna, og at dei har byrja å grave skyttargraver like ved Qoqani.