Hopp til innhold

Hjelpearbeidarar bortførde i Kenya

Væpna menn har bortført to hjelpearbeidarar som jobbar for Leger uten Grenser i Kenya.

KENYA/ Somali refugees gather to pray

Ifølgje politiet i Kenya er det opprørsgruppa al-Shabaab som står bak bortføringa av dei to hjelpearbeidarane.

Foto: JONATHAN ERNST / Reuters

To spanske hjelpearbeidarar vart torsdag kidnappa medan dei var på jobb for hjelpeorganisasjonen Leger uten Grenser i ein flykningleir i Dadaab, Kenya, melder nyheitsbyrået AFP.

– Dei to har vorte kidnappa frå Dadaab-leiren av medlemmer av den islamistiske opprørsgruppa al-Shabaab, stadfestar den regionale politisjefen, Leon Nyongesa.

Sjåføren skoten

Begge kidnappingsoffera skal vera kvinner. Ei anna politikjelde fortel at den kenyanske sjåføren til dei to vart skoten, alvorleg såra og kasta ut av bilen i kidnappingsaksjonen.

Mistanken er retta mot somaliske al Shabaab fordi vitne har rapportert om at kidnapparane flykta i retning av grensa til Somalia. Lokalt politi seier dei har sett i gang ei intensiv jakt på forbrytarane.

Flyktningleiren i Dadaab er den største av sitt slag i verda, og ligg i nærleiken av grensa til Somalia.

Bortføringa er det tredje åtaket på ein dryg månad. Seinast den 1.oktober vart ei eldre fransk kvinne kidnappa frå den kenyanske feriestaden Lamu, nær Somalia. I september vart eit britisk ektepar kidnappa og drepne på ei strand i Kenya.

SISTE NYTT

Siste nytt