Hopp til innhold

Overlevande fekk ikkje sjå Behring Breivik i augo

Ein av ungdommane som overlevde Utøya-massakren ønskte å sjå drapsmannen i augo under dagens rettsmøte, men fekk ikkje lov.

Anders Behring Breivik

Terrorsikta Anders Behring Breivik møtte i Oslo Tingrett i dag. Overlevande og pårørande etter terroråtaka 22.juli fekk ikkje vera til stades under rettsmøtet.

Foto: Øijord, Thomas Winje / Scanpix

Behring Breivik ankommer rettsmøtet

Behring Breivik kom til Oslo Tingrett i ein pansra bil like før klokka 11. Han sit truleg i ei ventecelle i kjellaren fram til rettsmøtet startar klokka 13.

Foto: Øijord, Thomas Winje / Scanpix

Kledd i mørk dress møtte Anders Behring Breivik til rettsmøtet som starta i Oslo Tingrett klokka 13 i dag.

Rettsmøtet gjekk for lukka dører. Heller ikkje overlevande frå Utøya eller pårørande til dei som vart drepne fekk lov til å vera til stades i rettssalen.

– Ville sjå Behring Breivik i augo

Advokat Brynjar Meling

Bistandsadvokat Brynjar Meling deltek på rettsmøte på vegne av ein som overlevde Utøya-massakren

Foto: Øyvind Bye Skille / NRK

Bistandsadvokat Brynjar Meling representerer ein av AUF-ungdommane som overlevde Utøya-massakren.

– Ein av dei eg representerer ønskte sterkt å få møta i retten. Han gav uttrykk for at han ville sjå den sikta i augo, seier Meling til NRK.

Korleis reagerer din klient på at Behring Breivik synest det er tungt å sitja på isolat?

– Eg trur ikkje min klient har stor forståing for det. Det er noko som følgjer med det lovbrotet han har gjort, svarar Meling.

Anka avgjerd om lukka dører

Sorenskrivar Geir Engebretsen

Sorenskrivar Geir Engebretsen seier dei overlevande frå Utøya ikkje fekk vera til stades under rettsmøtet med omsyn til etterforskinga.

Foto: Øyvind Bye Skille / NRK

Klienten til Meling anka avgjerda om lukka dører til Borgarting lagmannsrett. Berre ein time før rettsmøtet tek til, fekk han avslag.

Sorenskrivar Geir Engebretsen opplyser at Meling sin klient er den einaste av dei overlevande frå Utøya som ønskja å stilla i retten for å sjå Behring Breivik.

– Det blei avslått av retten med omsyn til etterforskinga. Med over 1000 fornærma vil det også bli store utfordringar med tanke på informasjon og fare for å øydeleggja etterforskinga, seier Engebretsen til NRK.

Vil utvida isolasjonen

Den svarte, pansra bilen som frakta Behring Breivik frå Ila fengsel til Oslo Tingrett var framme ved Oslo Tingrett like før klokka 11 fredag.

Ein halvtime etter at rettsmøtet starta, køyrde politiet den sikta tilbake til Ila fengsel.

Behring Breivik har erkjent å stå bak bombeeksplosjonen i Regjeringskvartalet i Oslo og massakren på Utøya 22.juli, som totalt kravde 77 menneskeliv.

Etter arrestasjonen vart massedrapsmannen varetektsfengsla i åtte veker, fram til den 19.september, med brev- besøks- og medieforbod. Dei fire første vekene har han sete i fullstendig isolasjon.

I dag vart det klart at han får nye åtte veker i full isolasjon.

Ila fengsel

Terrorsikta Anders Behring Breivik opplever tida på isolat i Ila fengsel som tung. I dag kan han få fire nye veker, totalt avskoren frå omverda.

Foto: Roald, Berit / SCANPIX

– Vil be om å få sleppa

Behring Breiviks forsvarar, Geir Lippestad, seier til NRK at klienten kom tidleg til tinghuset av praktiske og tryggingsrelaterte årsaker.

– Han ville forklara seg om korleis han har det i isolasjon, og han vilel be om å få sleppa å sitja på isolat, seier Lippestad.

Behring Breivik skal ikkje vera klar over at rundt 50 familiar i dag er på Utøya for å sjå staden der deira kjære vart drepne.

Lukka dører under rettsmøtet på tinghuset

Rettsmøtet går for lukka dører.

Foto: Oyvind Bye Skille

– Tungt på isolat

Ila fengsel

Mange av dei verste forbrytarane i Noreg har sete på einecelle i Ila fengsel.

Foto: Roald, Berit / SCANPIX

I fengselet er det berre dei fengselstilsette som har omgang med Behring Breivik. Sjølv forsvarar Geir Lippestad må ha samtalane med klienten sin bak ei glassplate. Dersom han vil, får han vera åleine i Ila sin luftegard ein gong om dagen.

Behring Breivik har, ifølgje forsvararen Geir Lippestad, gjeve uttrykk for at han tykkjer det er tungt å sitja på ei einecelle utan kontakt med omverda.

– Han gjer ikkje stort på cella, for å seia det slik. Han opplyser til meg at han opplever tida på isolat som tung, seier Lippestad.

Det skal vera isolasjonen i fengselet, og ikkje dei grufulle drapshandlingane han har utført, som tyngar terroristen.

– Det å sitja heilt isolert seier han er svært vanskeleg, og vesentleg vanskelegare enn det han hadde trudd. Det er tungt for han med så mykje uvisse om kor lenge han må ha det slik, opplyser Lippestad.

Får sjå TV-seriar

Behring Breivik har fått innfridd visse ønskjer i løpet av tida på isolat. Han har blant anna fått inn meir klede, ei klokke og bøker. Ifølgje politiet fatta han særleg interesse for ei bok om norsk historie.

Politiet avviste først ønskjet om PC for å kunne førebu eit forsvarsskriv til rettssaka. Den terrorsikta har no fått utlevert ein PC til å sjå utvalde, ikkje-valdelege TV-seriar på.

– Frå cella har han tilgang til ein fastmontert PC utan internettline. Der kan han kvar dag i nokre timar skriva litt og sjå nokre filmar. I tillegg har han tilgang til fengselsbiblioteket, fortel forsvarar Lippestad.

Den sikta får også normale tenester som mat, lufting, tid til å ta seg ein dusj og moglegheiter for å snakka med fengselspresten

– Ingen bombehundar

Folk utenfor tinghuset under fengslingsmøte for Anders Behring Breivik

Kaos utanfor tinghuset før fengslingsmøtet i terrorsaka den 25.juli.

Foto: Øyvind Bye Skille / NRK

Politiet tok ingen sjansar då den forhatte massedrapsmannen skulle fraktast til rettssalen førre gong, den 25.juli.

Bygget vart gjennomsøkt av bombehundar. Under fengslingsmøtet sirkla eit helikopter over det store murbygget, som var omkrinsa av pressefolk frå heile verda. Utanfor var det tendenser til lynsjestemning.

I dag var stemninga langt meir avslappa:

– Dei som skal inn i salen vert ikkje undersøkte med metalldetektor. Eg har heller ikkje sett bombehundar i bygget eller helikopter i lufta, sa NRKs reporter på staden, Øyvind Bye Skille.

AKTUELT NÅ