Hopp til innhold

Migrene kan stoppe valkampen

Det vert stilt spørsmål ved den norskætta republikanske presidentkandidaten Michele Bachmann sin evne til å bli president, fordi ho lid av kraftig migrene.

Bachmann

Michele Bachmann påstår sjølv at migrena ikkje vil hindre ho i presidentjobben.

Foto: JEFF HAYNES / Reuters

Det er Bachmann sin tidlegare kommunikasjonssjef som har stadfesta opplysningane til nettavisa The Daily Caller.

Då han sa opp jobben sin i fjor, fekk Bachmann ein så alvorleg hovudpine at ho måtte leggjast inn på sjukehus.

– Innan 24 timar måtte ho leggjast inn på sjukehus, sa ein tidlegare tilsett av Bachmann.

Innlagt fleire gonger

Ifølgje fleire Bachmann har jobba med var ikkje dette ein isolert hending.

Det er hevda at den republikanske kongresskvinna frå Minnesota lid av stressrelaterte tilstander som ho sjølv karakteriserar som alvorlege hovudpinar. Desse episodane skal ha skjedd så ofte som ein gong i veka, ifølgje vitnar, og skal ha slått ho ut for fleire dagar om gongen.

Som eit resultat av dette skal ho minst tre gongar ha vore innlagt på sjukehus

– Når ho får migrene klarar ho ikkje å fungere. Åtaka er så intense at vanlege piller ikkje har noko effekt på ho. Dei er svært smertefulle, seier ein tilsett av Bachmann.

– Vil ikkje påverke kampanjen

Sjølv nektar Bachmann for at diagnosen vil hindre ho i å utføre presidentjobben.

– La meg vere heilt klar. Min evne til å jobbe effektivt har aldri vore påverka av diagnosen min, og vil ikkje ha innverknad på presidentjobben, seier Bachmann som seier migrenen lett kan bli kontrollert av medisinar.

Migrene er ein svært vanleg diagnose. Rundt 500 000 nordmenn er råka av diagnosen.

Michele Bachmann gjer det for tida svært bra i meiningsmålingane. Ho ligg som nummer to i dei fleste målingane, etter Mitt Romney. I den siste målinga, gjennomført av NBC og Wall Street Journal, får ho 16 prosent oppslutning blant republikanarane, mot Romney som ligg på 30 prosent.

SISTE NYTT

Siste nytt