Hopp til innhold

- Gud vil ha meg som kandidat

Den norskætta amerikanske politikaren Michele Amble Bachmann sa i eit intervju på fjernsynsstasjonen CBS i dag at eit signal frå Gud fekk henne til å melde seg på i kampen om å bli USAs neste president.

Michele Bachmann på talarstolen.

Michele Amble Bachmann vil gjerne bli USAs neste president.

Foto: © Sean Gardner / Reuters / Reuters

- Eg er ein kristen, og det er mannen min også. Eg vart kristen i ein alder av 16 år. Sidan den gongen har eg bede til Gud. Og når eg ber, ventar eg at Gud vil snakke til meg og gi meg eit svar på bønna, sa ho i det openhjertige intervjuet med programleiaren Bob Schieffer.

- Ei kjensle av Gud

Michele Amble Bachmann

Michele Amble Bachmann har markert seg sterkt i det amerikanske politistke liv den siste tida.

Foto: Hannah Foslien / Ap

Michele Amble Bachmann skal offisielt lansere seg som kandidat til å bli Det republikanske partiet sin presidentkandidat i Iowa i morgon. Men ho gjorde det klart at ho var kandidat direkte på CNN alt for to veker sidan.

Intervjuaren køyrde Bachmann ganske tøft på fråsegner ho tidlegare har kome med om at Gud har bede henne om å stille som kandidat.

- Når eg ber, då har eg ei kjensle av at Gud snakkar til meg, sa ho i intervjuet på CBS .

MIchele Amble Bachmann har sine anar på farssida frå Sogndal i Sogn og Fjordane. Ho har ofte brukt sine norske forfedrar som eksempel på gode hardtarbeidande menneske som har vore med på å byggje USA.

LES OGSÅ: "Norske" Michele vil kaste Obama ut av Det kvite hus

LES OGSÅ: Gikk løs på Obama i TV-debatt

Mot homofile ekteskap

Ho tilhøyrer høgresida i Det republikanske partiet og er ein av toppane i den konservative Tea Party-rørsla. Ho har gått har gått hardt ut mot noverande president Barack Obama, som ho meiner er i ferd med å køyre USA i grøfta økonomisk.

Bob Schieffer fra CBS.

Bob Schieffer stilde intrikate spørsmål til Michele Bachmann.

Foto: POOL / REUTERS

Ho er sterkt motstandar av at homofile kan inngå ekteskap, og den amerikanske homorørsla kallar henne ein ekte homofob.

På CBS i dag fekk ho spørsmål om ho trur at det å vere homofili er eit val den enkelte homofile gjer, svarte ho diplomatisk at ho ikkje har tenkt å gjere seg til dommar overfor nokon.

Då Schieffer spurde om ho, som president, ville la vere å utnemne ein dommar, dersom vedkomande var homofil, svarte ho meir tvetydig.

LES OGSÅ: Kandidatene begynner å markere seg

LES OGSÅ: Ett norsk innslag på topp 100-liste

- Trufast mot grunnlova

- Eg vil ha folk som er for grunnlova, det er lakmustesten min. Eg vil ha dommarar som er trufaste mot den amerikanske konstitusjonen, svarte ho.

Det høyrer med til historia at ulike dommarar ofte har ulike tolkingar av kva som står i grunnlova, og at det er derfor at utnemning av dommarar er ei viktig sak for amerikanske presidentar.

Konservative og liberale dommar har ofte ein tendels til å tolke grunnlova ulikt.

LES OGSÅ: Norskætta "Tea Party"-dronning vil utfordre Obama i 2012

SISTE NYTT

Siste nytt