Hopp til innhold

Tabbekongen Carl Gustaf

Kong Carl Gustaf kom 20 minutt for seint til denne frukosten, og mange meiner dét kosta Sverige vinter-OL. Svenskekongen har tråkka i baret både når det gjeld kvinner, jakt, politikk og fartsgrenser.

OL-frukost

Her har kong Carl Gustaf nettopp gjort ein av sine største tabbar: Han kom for seint til OL-frukost med IOC-president Samaranch og Noregs statsminister, Gro Harlem Brundtland i 1988.

Foto: Gjellesvik, Inge / SCANPIX

Den svenske kongen er atter ein gong i hardt veir, etter at det dukka opp kompromitterande bilete av han nyleg. Bilete frå dei glade nattklubbdagane på 1990-talet har dukka opp i det kriminelle miljøet og vener av kongen har prøvd å kjøpe dei tilbake.

Men det er slett ikkje første gong at svenskekongen står midt oppe i ein skandale. Heilt sidan han blei krona i 1973 har media vore fylt med små og store tabbehistorier om kongen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tom stol

Her skulle Carl Gustaf sitte, men stolen stod tom i 20 minutt før svenskekongen dukka opp. Kanskje er det her Gro Harlem Brundtland sikrar Noreg vinter-OL, i prat med IOC-president Samaranch.

Foto: Gjellesvik, Inge / SCANPIX

Politikk og sånt

Kongen klarer ikkje alltid å halde seg frå å kommentere nyheitssaker og politiske konfliktar. Den første politiske brannfakkelen kom han med på midten av 1970-talet. Då argumenterte han mot kvinnelege tronfølgjarar.

– Jobben er for vanskeleg for ei jente, skal han ha sagt.

Dronning Silvia og kong Carl Gustaf

Dronning Silvia og kong Carl Gustaf har vore gift sidan 1976.

Foto: Åserud, Lise / Scanpix

Tronfølgjaren hans er kronprinsesse Victoria.

I 1978 uttalte han seg om kjernekraftverk i Sverige:

– Eg likar ikkje å innvie kjernekraftverk, men gjer det om eg får beskjed om det, sa kongen, på udiplomatisk vis.

Så var det stilt ei stund. Men i 1988 gjorde han det meir enn godt nok ved å kome for seint til OL-frukost med Gro Harlem Brundtland og IOC-president Samaranch.

Stolen til svenskekongen stod tom i 20 minutt før han dukka opp og Harlem Brundtland fekk snakke med IOC-sjefen uforstyrra. I ettertid trudde mange at det var her Sverige mista vinter-OL og Noreg fekk Lillehammer-OL-et sitt.

Kanskje var det OL-fiaskoen som gjorde at han i 1989 gikk til åtak på den norske statsministeren. Denne gongen gjaldt det selfangst.

– Viss ikkje Gro Harlem Brundtland kan ta hand om selproblemet, lurer eg på korleis ho skal kunne ta hand om det norske folk, sa han under eit besøk på New Zealand.

Sjå svenskekongen kritisere norsk selfangst:

Video Svenskekongen kritiserer norsk selfangst

Svenskekongen kritiserer norsk selfangst

Jaktinstinkt

Sett i forhold til det sterke engasjementet mot selfangst kan det kanskje verke litt ironisk at kongen fleirfaldige gongar har fått problem grunna jaktinstinktet sitt.

Eg trur ikkje det hjelp å slå barn. Dei blir redde. Og kan bli sinte og slå tilbake.

Kong Carl Gustaf om barnemishandling

I 1997 besøkte kongeparet sametinget i Sverige. Etterpå gav dei seg ut på rypejakt og blei følgt av eit TV-team frå SVTs sameredaksjon. Den merksemda blei for mykje for kong Carl Gustaf, som personleg skjelte ut reportasjeteamet og dytta til ein fotograf. Kongen fekk også kritikk frå samisk hald for at han hadde deltatt i småviltsjakta som samane tidlegare kontrollerte.

Kongen er ivrig elgjaktmann og har også fått kjeft for å jakte på tam elg.

(Artikkelen held fram under biletet)

SWEDEN-RUSSIA-DIPLOMACY

To jaktinteresserte menn: Kong Carl Gustaf og Russlands statsminister, Vladimir Putin, som er kjent for å ha felt ein tiger.

Foto: LEIF R JANSSON / Afp

Dyr er noko som dukkar opp fleire gongar i denne tabbehistoria. I 2001 ramma kugalskapen Europa, og det var også noko den svenske kongen var opptatt av. Hans synspunkt var at debatten og frykta var overdreven.

– Vi har så mange andre store folkesjukdomar som er ti gangar verre og som eg ikkje syns at ein skal gløyme, sa kongen.

På spørsmål om han ville bli vegetarianar, svarte han nei.

– Brunei er eit ope land

Forholdet til dei svenske statsministrane opp gjennom åra har ikkje alltid vore like godt. I 1999 fornærma svenskekongen dåverande statsminister Göran Persson. Etter ein stor flaum avbraut kongen ferien sin, medan statsministeren ikkje gjorde det.

– Dette er slikt som ein kan gjere medan ein er på ferie, sa han då han besøkte flaumområdet og folk tolka det som eit spark mot statsministeren.

Sultanen har ein kollosal nærleik til folket. Her i Sverige er det ofte slik at ingen vågar å ta ansvar.

Kong Carl Gustaf om Brunei

Men den verste politiske blunderen kom på eit statsbesøk i Brunei i 2004. Kongen klarte ikkje halde seg til det diplomatiske ordlaget som mange forventar. Han skraut av sultanen og skildra landet som «eit meir ope land enn noko anna ein kan tenkje seg».

– Sultanen har ein kollosal nærleik til folket. Her i Sverige er det ofte slik at ingen vågar å ta ansvar. Ein er redd for å dra i gang saker. Det kan tyde kostnader og så må ein svare for det sidan, sa han.

Det fekk seks av ti riksdagsmedlemar til å meine at monarkiet var svekka, ifølgje Dagens Nyheter.

Bortforklaringa frå hoffet var slik:

– Kongen har uttalt seg om si oppfatning av sultanen og hans kontakt med sine medborgarar. Han har ikkje tenkt at dette skulle tolkast som eit innlegg i debatten her heime om statsordninga i Brunei og han er lei seg for at det blei tolka slik.

Les:

(Artikkelen held fram under biletet)

KUNG CARL GUSTAF 65 ÅR

Portrett av svenskekongen frå 65-årsdagen hans.

Foto: Sandberg, Fredrik / SCANPIX

Yndlingsord: «Bubbelibubb»

Expressens tidlegare verdsreportar, Ulf Nilson, skreiv i VG i 1996 om dei mange tabbane til kongen, i anledning 50-årsdagen hans. Han framhevar mange av dei uforgløymelege sitata til kongen.

— Eg trur ikkje det hjelp å slå barn. Dei blir redde. Og kan bli sinte og slå tilbake, ytra kongen ein gong, ifølgje Nilson.

Seinare er han blitt anklaga for utruskap, for å drikke for mykje alkohol og for å ha latt barna sitte øvst på eit høylass utan sikring. Då svarte han med å fastslå at landsmennene hadde dårleg arbeidsmoral og tok ut for høg løn, ifølgje Nilson.

I same avis vart kongen omtalt slik: «Kong Carl Gustaf likar drikkeviser, blonde kvinner og å kle seg ut. Yndlingsuttrykket er "bubbelibubb".»

Viss ikkje Gro Harlem Brundtland kan ta hand om selproblemet, lurer eg på korleis ho skal kunne ta hand om det norske folk.

Kong Carl Gustaf om selfangst

Ein skulle kanskje tru at kongen hadde lært av desse tabbane og heldt tilbake litt meir. Men undersøkingar har vist at talane hans berre blir lengre og lengre. Katarina Barrling-Hermansson ved Uppsala universitet har kartlagt korleis kongens talar har endra karakter sidan 1970-talet til 1990-talet. Ho meiner at kongen krydrar talane meir og meir med eigne meiningar.

På midten av 1970-talet bestod kongens tale ved opninga av Riksdagen av berre cirka 50 ord. På slutten av 1990-talet hadde dette auka til meir enn 900 ord.

Held høg fart

Fleire gongar har kongen brutt fartsgrensa, mellom anna i 2000 og 2005. I 2005 køyrde han i 160 kilometer i timen på motorvegen.

Spesielt sidan boka «Den motvillige monarken» kom ut i fjor har det storma rundt kong Carl Gustaf.

Les:

Forfattarane hevdar i boka at Carl Gustaf og venene hans på starten av 1990-talet jamnleg besøkte ein nattklubb eigd av mafiabossen Mille Markovic, og omtalar utruskapsrykter.

Sjå reportasje om boka:

Video Svensk kongebok med utruskapsrykter

Svensk kongebok med utruskapsrykter. Reportasje frå Dagsrevyen 03.11.2010.

Slik kommenterte kongen boka:

Video Kong Carl Gustaf kommenterer skandalebok

Kong Carl Gustaf kommenterer skandalebok

Men så, ein gong i blant, lukkast det for kongen. I 2005 holdt han ei personleg tale til dei sørgjande etter tsunamien og vann det svenske folket sitt hjarte. Han fekk mykje skryt for sitt personlege engasjement. Også etter hans tale til brudeparet i fjor, då kronprinsesse Victoria gifta seg med Daniel Westling, fekk han gode kritikkar.

Det skal også nemnast at han har fått ufortent kjeft for tabbar som har vist seg å stamme frå dysleksien hans. Kongen har ved fleire anledningar skrive namnet sitt feil: «Cal Gustf». Det er grunna dysleksien han har fått kallenamnet Knugen.

Les også:

SISTE NYTT

Siste nytt