- Eg opplever det på mange måtar som eit meir ope land enn noko anna ein kan tenkje seg, sa kongen til nyheitssendinga Ekot i Sveriges Radio.
Han la ikkje skjul på at han blei imponert over sultan Hassanal Bolkiah under statsbesøket som det svenske kongeparet har gjennomført i den asiatiske sultanstaten.
Burnei er eit einevelde utan demokrati, og Sverige har tidlegare kritisert landet for manglande menneskerettar.
Andre året
Det er andre året på rad at svenskekongen besøkjer den vesle sultanstaten, som takk vere store forekomstar av olje og gass har blitt svært rik.
Men sidan 1988 har alle politiske parti vore forbodne i landet, og kong Carl Gustaf fekk før reisa kritikk for å besøkje eit diktaturland.
Det var kongen sjølv som tok iniativet til at eit statsbesøk i Vietnam skulle forlengjast til også å omfatte Brunei. Sist han var der, var det på privat besøk.
Ingen vanskar
Sveriges Radio melder at det var på ein pressekonferanse med svenske journalistar at kongen kom med utsegnene om sultanstaten.
Han fekk mellom anna spørsmål om det hadde vore nokre vanskar med å ha omgang med ein statsleiar som styrer landet sitt med jernhand.
- Av ulike grunnar har eg ikkje hatt den kjensla. Eg opplever det snarare tvert om. Han står jo kollosalt nær folket, svara kong Carl Gustaf.
Ekot rapporterer at kongen brukte fødselsdagen til sultanen som døme. Då besøkte heile 40 000 personar sultanpalasset.
Kongen viste også til rundreisa som sultanen var på i etterkant, og at han kvart år er på liknande rundreiser.
- Då let det seg gjere for alle innbyggjarane å ha nær direktekommunikasjon med han, sa kong Carl Gustaf.