Hopp til innhold

Argentinsk eks-president død

Tidlegare president i Argentina, Néstor Kirchner, er død. Han vart 60 år gammal.

Tidlegare president i Argentina, Néstor Kirchner

Tidlegare president i Argentina, Néstor Kirchner.

Foto: GUILLERMO LEGARIA / Afp

Cristina Fernandez de Kirchner og Nestor Kirchner

President Crisitina Fernandez de Kirchner og mannen, tidlegare president Nestor Kirchner.

Foto: HO / REUTERS

Kirchner var president frå 2003 til 2007, då han tok over for forgjenaren Eduardo Duhalde.

Han døydde av hjerteinfarkt på ein klinikk i byen El Calafete i dag tidleg.

Etter at Kirchner gjekk av som president, tok kona, Cristina Fernández de Kirchner, over. Dei to hadde feriert med familien i området då Néstor fekk smerter i brystet.

Néstor Kirchner har hatt problem med hjartet tidlegare, og er to gonger det siste året operert på grunn av desse.

Det var stilt store spørsmål ved helsa hans, og om dette kunne setje ein stoppar for planane om å delta i presidentvalet i 2011, skriv nyheitsbyrået AFP.

Legane hadde råda han til å endre livsstil, fordi han stressa for mykje.

Kirchner hadde ein far med sveitsisk opphav og ei mor, fødd i Chile, med kroatisk bakgrunn.

Han var kjend som peronist og som ein kritikar av Det internasjonale pengefondet IMF, som han meinte førde ein for liberal marknadsøkonomi.

Néstor Kirchner møtte Fidel Castro i 2003

Néstor Kirchner møtte Cuba-president Fidel Castro i 2003.

Foto: Jorge Saenz / Ap

SISTE NYTT

Siste nytt