Hopp til innhold

– Vågar ikkje tru at vi skal få våpen

Kaptein i dei syriske opprørsstyrkane i Aleppo, Ahmed Abu Gazala, vågar ikkje å tru på lovnadene om våpenhjelp frå USA.

Kaptein i Den frie syriske hæren, Ahmed Abu Gazala

Kaptein i Den frie syriske hæren, Ahmed Abu Gazala, torer ikkje tru på lovnad om amerikansk våpenhjelp.

Foto: Mohammed Alayoubi / NRK

– Vi har høyrt dette så mange gonger før, men det har ikkje skjedd noko, seier ein oppgitt Gazala på telefon frå frontlina i opprørsbastionen Aleppo. Her ventar dei på at regjeringsstyrkane skal setje i verk ein offensiv mot områda opprørarane held.

– Hastar med hjelp

– Det er viktig med internasjonal hjelp, og det hastar. Vi kjempar ikkje mot syriske soldatar i dette området lenger. Vi kjempar mot iranarar og libanesarar frå Hizbollah, seier Gazala.

Han er glad for at det internasjonale samfunnet byrjar å tru på historiene om at det syriske regimet brukar kjemiske våpen.

– Vi har enno ikkje fått noko, men sjølve vedtaket er bra fordi vi treng våpna, seier mannen som har planane klare for korleis dei skal styre landet etter at regimet til Bashar al Assad er borte.

I nord, der dei kontrollerer store området i og rundt Aleppo, har dei alt bygd opp velfungerande sivile institusjonar, fortel han.

Han meiner det ikkje er grunn til å frykte for at dei ikkje skal greie overgangen til eit sivilt samfunn.

– Dersom vi får våpna, kjem vi til å slå Assad etter av kort tid.

USA kan levere våpen

Seint i går kveld gjorde USA det klart at dei opnar for å levere våpen til dei syriske opprørarane. Samstundes gjorde amerikanske styresmakter det klart at dei har bevis for at det syriske regimet har brukt kjemiske våpen .

Det har også vore hevda at opprørarane har brukt slike våpen, men USA har ikkje funne bevis for dette. Storbritannia støttar USAs vurdering av at regimet har brukt kjemiske våpen.

Syriske styresmakter kallar påstandane for ein karavane av løgner . Russland skuldar USA for å bløffe om kjemiske våpen for å ha eit påskot til å gå til krig, slik dei gjorde det i Irak.

SISTE NYTT

Siste nytt