NRK Meny
Normal

USA: Kjemiske våpen brukt i Syria

USA kjem til å auka den politiske og militære støtta til dei syriske opprørarane i vekene framover, etter ein fersk konklusjon om at regimet har brukt kjemiske våpen i borgarkrigen.

Syria

USA er ikkje lenger i tvil om at presidenten i Syria Bashar al-Assad har nytta nervegassen sarin i borgarkrigen som starta for over to år sidan.

Foto: STRINGER / Reuters

Barack Obama

Presidenten i USA Barack Obama varslar ei hardare linje overfor det syriske regimet i tida framover.

Foto: SAUL LOEB / Afp

Ifølgje amerikanske styresmakter har dei syriske regjeringsstyrkane fleire gonger brukt kjemiske våpen mot opprørarane. Så mange som 150 menneske skal ha blitt drepne i åtak med kjemiske våpen.

Dette er konklusjonen som USA sine etterretningstenester har kome fram til, i samarbeid med styresmaktene i europeiske land.

Den giftige gassen sarin er blant dei kjemiske stridsmiddela som er nytta av det syriske regimet, sa USA sin viserådgjevar for nasjonal tryggleik, Ben Rhodes, i eit utsegn torsdag.

Obama: – Ei absolutt grense ved bruk av kjemiske våpen

Viserådgjevaren ville torsdag ikkje oppgje fleire detaljar rundt typen og omfanget på støtta dei skal gje opprørsstyrkane med i tida framover, men påpeikar at styresmaktene har ei rekkje «juridiske, finansielle, diplomatiske og militære reaksjonar å ty til».

Det kvite hus har overlevert informasjonen til Russland, som er ein av det syriske regimet sine få allierte.

USA understrekar samstundes at dei vil bruka tid på å bestemma seg for kva som skal vera USA si linje overfor Syria, no som ein meiner å ha bevis for bruken av kjemiske våpen.

Fann nervegass-bevis i hår og urin

President Barack Obama har tidlegare sagt det går ei absolutt grense ved bruk av slike våpen. Han skal diskutera saka med FN og G8-landa neste veke.

Obama sat allerie i slutten av april på bevis for bruk av kjemiske våpen i Syria, men etterlyste fleire fakta på bordet før ein eventuell reaksjon.

– Me har bevis for at det er brukt kjemiske våpen, men mei veit ikkje kven som har brukt dei eller korleis dei er nytta, uttalta Obama den gongen.

Det var Frankrike som den 4. juni var første land ut med konklusjonar om at Bashar al-Assad sitt regime står bak bruken av nervegassen sarin i borgarkrigen i Syria.

Frankrike sin konklusjon baserer seg på blod-, hår,- og urinprøvar som franske journalistar fekk av syriske legar, smugla ut av landet og overleverte til franske styresmakter.

Nærmare 93. 000 er drepne i den syriske borgarkrigen, som starta i mars 2011. Kvar månad døyr 5000 menneske som følgje av dei blodige kampane i landet, opplyser FN torsdag.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt