NRK Meny
Normal

- USAs påstandar om kjemiske våpen er ein karavane av løgner

Det syriske utanriksdepartementet fordømer i sterke ordelag dei amerikanske skuldingane om at dei har brukt kjemiske våpen mot opprørarane.

Syria - kjemiske våpen

USA og Storbritannia meiner dei har bevis for at regimet har brukt kjemiske våpen i Syria.

Foto: Uncredited / Ap

– Dei amerikanske påstandane er ein karavane av løgner, seier ein representant for syrisk UD. Han kallar USAs og Storbritannias påstand for løgner baserte på fabrikkert informasjon, ifølgje det statlege nyheitsbyrået SANA.

Talsmannen seier at skuldingane er fabrikkerte for å gi USA ein grunn for å intervenere militært i Syria.

Støtte frå Russland

Syria får full støtte i dette synet av Russland. Leiaren for utanrikskomiteen i Den russiske dumaen, Aleksej Pusjkov, samanliknar situasjonen i dag med det som skjedde før invasjonen i Irak i 2004. Pusjkov meiner Barack Obama no er i ferd med å gå i same fella som forgjengaren George Bush.

Samstundes seier den syriske UD-talsmannen at USAs avgjerd om å levere våpen til opprørarane i landet viser at USA sin kamp mot terror er prega av dobbeltmoral. Syriske styresmakter meiner at opprørarane i landet er terroristar, på lik line med dei USA kjempar mot i blant anna Afghanistan.

Fleire syriske opprørsgrupper, blant dei Al Nusra-fronten, skal ha band til Al Qaida-nettverket.

– Må gjere meir i Syria

Storbritannias statsminister William Hague sa i dag at han støttar den amerikanske vurderinga om at Syria har brukt kjemiske våpen, inkludert saringass. Hauge sa også at det internasjonale samfunnet må vere førebudd på å gjere meir i Syria.

USA har gjort det klart at det syriske regimet har kryssa ei raud line ved å bruke kjemiske våpen i borgarkrigen, og at regimet må bere konsekvensane for dette. Det kvite hus har gjort det klart at alle alternativ framleis er på bordet når det gjeld Syria.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt