Hopp til innhold

– Utøya-politiet venta på båt, ikkje meir mannskap

Mangelen på båt var årsaka til at politiet ikkje følgde «skyting pågår»- instruksen då dei skulle arrestera Anders Behring Breivik, ifølgje politidirektøren.

Utøya politiarbeid

Årsaka til at dei første politistyrkane ikkje rykte ut til Utøya med det same, var at dei venta på båt - ikkje på bistand frå fleire politifolk, seier fungerande politidirektør Vidar Refvik. Her søkjer politiet etter sakna nær Utøya den 24.juli i fjor.

Foto: Teigen, Trond Reidar / SCANPIX

Grete Faremo

Justis- og beredskapsminister Grete Faremo (Ap).

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

I dag heldt 22.juli-komiteen høyring på Stortinget for å kasta lys over beredskapssituasjonen i Noreg. Fungerande politidirektør Vidar Refvik er ein av dei som er inviterte til høyringa.

Han seier det ikkje skorta på politiet sin vilje til å følgja «skyting pågår»-instruksen då skulle pågripa Anders Behring Breivik på Utøya den 22.juli.

– Venta ikkje på mannskap

I grunnutdanninga frå Politihøgskolen får studentane taktisk opplæring, og skyting-pågår-instruksen inngår i denne opplæringa. Første tenestemann på staden skal gripa inn i situasjonen med det same, seier instruksen.

Dei første politimennene som kom til Utøya på landsida valde å venta, trass i at skyting pågår-instruksen til politiet gjaldt.

– Den første patruljen på staden venta ikkje på fleire mannskap, men på båt. Det er ingenting så langt som tyder på at politiet vegra seg for å gripa raskt inn i situasjonen, forklarar fungerande politidirektør Refvik.

Tiltak for betre varslingsrutinar

Justis- og beredskapsminister Grete Faremo (Ap) seier at ei rekkje tiltak er i arbeid eller er sette i verk for å styrkja tryggleiken og beredskapen i Noreg etter erfaringar frå 22.juli.

– I løpet av få dagar vil me oppretta ein ny nettstad der styresmaktene skal leggja ut kriseinformasjon til innbyggjarane i Noreg, seier Faremo.

Assisterende politidirektør Vidar Refvik

Assisterande politidirektør Vidar Refvik erkjenner at varslingssystema ikkje fungerte godt nok den 22.juli.

Fungerande politidirektør Refvik erkjenner at varslingsrutinane ikkje var gode nok den 22.juli.

– Varslingsrutinene har eit betringspotensiale. Den 22.juli var det utfordringar knytta til Riksalarmen, seier Refvik.

Riksalarmen blei slått først 77 minutt etter at bomba gjekk av i Regjeringskvartalet. Då alarmen omsider blei slått, var ikkje datamaskina slått på.

Politidirektoratet hadde ikkje kontrollert at systemet blei testa med jamne mellomrom, opplyser Refvik.

– Me har no sete i verk tiltak for jamnleg testing av riksalarmen, seier den fungerande politidirektøren.

Beredskapsminister Faremo seier direktoratet no testar både tekniske løysingar og kompetansen til personalet som er ansvarlege for å slå alarmen.

– Det viktigaste er at riksalarmen fungerer, systemet er forstått og at det responderer tilfredsstillande. Det må ikkje vera usikkerheit knytta til dette varslingssystemet, seier Faremo.

Grete Faremo og Janne Kristiansen

Justis- og beredskapsminister Grete Faremo (Ap) og PST-sjef Janne Kristiansen på dagens Stortings-høyring i regi av 22.juli-komiteen.

Foto: Øyvind Bye Skille / NRK

– Ikkje høg terskel for å be om bistand

Loggane frå 22.juli viser at det tok tre og ein halv time frå det første åtaket til første førespurnaden om respons frå Forsvaret

Komité-medlem Anders Anundsen (Frp) stiller spørsmål ved om det er ein propp i politiet som hindrar dei i å be om bistand.

– Det er ingenting i vegen med kontakten mellom politi og forsvar. Det er den politimeisteren som er ansvarleg for det operative og taktiske arbeidet som må vurdera behovet for bistand frå Forsvaret. Om vurderinga som blei gjort den 22.juli var riktig, er det opp til 22.juli-kommisjonen å finna svar på, svarar fungerande politidirektør Refvik.

– Det er ikkje mi oppfatning at terskelen for å be om bistand frå Forsvaret er for høg, legg han til.

Tiltak mot soloterrorisme

PST fryktar nye soloterroristar som ønskjer å kopiera terroråtaka til Anders Behring Breivik. Det sa PST-sjef Janne Kristiansen då Politiet si tryggingsteneste (PST) i går la fram den opne Trugselvurderinga for 2012.

PST sende den 1.desember eit brev til Justis- og beredskapsdepartementet med forslag til ulike tiltak mot soloterrorisme, der dei påpeikar at det er vanskeleg for PST å setja i gang etterforsking av potensielle soloterroristar på eit stadium der det er mogleg å avverja terroren.

– Dette må justisdepartementet og Stortinget som lovgjevande instans sjå på, seier Kristiansen.

Departementet har førebudd eit høyringsnotat som vil bli sendt ut i løpet av våren, opplyser justis- og beredskapsminister Faremo i dag.

I kjølvatnet av 22.juli har PST også styrkt seksjonane for nasjonal ekstremisme og for informasjonsinnhenting.

– PST ønskjer å ta lærdom av konklusjonane som kjem fram no når 22.juli-hendingane blir granska, seier PST-sjef Kristiansen.

Statsrådane erkjenner manglar

Justisministeren og forsvarsministeren gav i november i fjor Stortinget ei lang og detaljert utgreiing om kva som skjedde terrordagen 22.juli, og korleis terrorberedskapen i Noreg fungerte.

Statsrådane erkjende då at åtaka avdekte alvorlege manglar og hol i tryggingsberedskapen. 22.juli-komiteen på Stortinget har i oppgåve å sjå nærmare på den informasjonen som ministrane la fram.

I slutten av februar leverer 22.juli-komiteen si innstilling, som så blir gjenstand for debatt i Stortinget. Deretter vil arbeidet truleg munna ut i lovlege vedtak om å endra system, rutiner og instrukser ved terrorberedskapen.

AKTUELT NÅ