Likelønskampen har ikkje revolusjonert inntekstforholdet mellom kvinner og menn, viser skattelistene for 2009. Tala som Skatteetaten la ut i dag avslører at norske kvinner i gjennomsnitt tener om lag 100 000 kroner mindre enn mannekjønnet.
Men tre norske kommunar er som kjerringa mot straumen. I Kautokeino og Hammerfest i Finnmark, og i Hyllestad kommune i Sogn og Fjordane er det kvinnene som tronar øvst på lønstoppen.
Ti prosent meir til kvinnene
Det største forspranget har kvinnene i Kautokeino. Her tente gjennomsnittskvinna om lag 10 prosent meir enn gjennomsnittsmannen i 2009.
Der den gjennomsnittlege inntekta for menn låg på 155.687 kroner i likningsåret, låg tilsvarande løn for kvinner på 170.698.
I Hyllestad og Hammerfest tente kvinnene høvevis fem og tre prosent meir enn det motsette kjønn i løpet av fjoråret.
- LES OGSÅ: Alt om skattelistene 2009
Kvinnepolitikar og reineigar Marit Sara frå Karasjok, er ikkje det minste overraska over at det er kvinnene som tronar på lønstoppen i fleire av kommunane i Finnmark.
– Jenter tek utdanning
– I fleire år har ein sett at det spesielle i Finnmark er at det er kvinnene som tek høg utdanning og difor også får dei best betalte jobbane. Dessutan er halvparten av mennene i reindrifta. Då kan du ikkje sjå inntekta i skatterekneskapet, seier Sara.
- LES OGSÅ:
Politikaren peikar også på at Kautokeino har ein del samiske institusjonar, som Samisk Høyskole, der det jobbar mange godt utdanna kvinner. Dei trekkjer opp lønsprosenten.
Kva trur du er årsaka til at fleire kvinner enn menn tek høgare utdanning i Finnmark?
– Det har vore ein trend i samiske primærnæringar å pressa ut jentene i familien, medan gutane blir igjen heime for å ta over reindriftskonsesjonen. Finnmark har dessutan eit særskilt problem med gute-fråfall i skulen fortel Sara.
Dei tre kommunane der kvinner tener meir enn menn, er enten blant dei fattigaste kommunane i Noreg eller blant kommunane som har ei negativ lønnsutvikling.
Gutane droppar skulen
– Mange unge gutar droppar ut etter grunnskulen eller vidaregåande. Når ein ikkje har ei utdanning i botn, vil ein heller ikkje få høg løn når ein skal ut i arbeidslivet, seier Sara.
- LES OGSÅ: Dette tjener partilederne
Ho får støtte for sine synspunkt frå Anne Lise Brandal Eira, som er leiar i Kautokeino sanitetsforening.
Eira seier Kautokeino er ein fin plass å bu for kvinner. Ifølgje Per Nils Saari i Kautokeino elgforeining lir heller ikkje mennene noko naud, sjølv om dei må sjå seg slått av kvinnene i lønskampen.
– Det går bra. Det er no ikkje så verst her, seier han.
Verstingen i kommune-Noreg
I resten av dei godt over 400 kommunane i landet tener menn meir enn kvinner.
På jumboplass kjem Sandøy kommune i Møre og Romsdal, tett etterfølgd av Austevoll og Fedje i Hordaland.
Her utgjer nettoinntekta til gjennomsnittskvinna høvevis 46, 47 og 48 prosent av nettoinntekta til gjennomsnittsmannen.
Samtidig er dette kommunar som har hatt ei god gjennomsnittleg lønsutvikling dei siste åra.
– Yrkesstruktur og næringsstruktur i den aktuelle kommunen er truleg ei viktig årsak til at kommunar med liten lønsforskjel mellom kjønna også har ei negativ lønsutvikling og omvendt, seier Mari Teigen som er forskningsleiar for likestilling, inkludering og migrasjon ved Institutt for samfunnsforskning (ISF).
Ho vil ikkje kommentere dei konkrete kommunane som er nemnd, og viser til at forskingsfeltet kjønn og løn er svært samansett.
Mannfolk i industrien
Ifølgje ordførar Oddvar Myklebust er det iallefall ein klar samanheng mellom næringsstruktur og lønsforskjelar i versting-kommunen Sandøy,
– Skatteytarane i Sandøy kommune jobbar i industri. Der har det vore gode tider med så mykje overtid som har vore mogleg. Alle dei arbeidsplassane er det mannfolk som har, seier ordførar i Sandøy kommune, Oddvar Myklebust.
Og kvar arbeider kvinnene?
– Nei... Dei er lerarar og sjukepleiarar og litt forskjellig.
- LES OGSÅ:
Han har ikke tru på at likelønslyftet kjem til å påverka statistikken i nær framtid i hans kommune.
– Det er ikkje von om snarleg betring. Då må ein gjera noko med yrkesutdanninga, seier Myklebust til NRK.