Hopp til innhold

Mange drepne sauer på Sørlandet

Rundt 70 sauer er skada eller drepne av ulv på Sørlandet i sommar. Det viser ferske tal frå Statens naturoppsyn på Agder.

Sauer drept i Åseral

DREPT: Fem sauer vart funne drept av ulv i Åseral i helga.

Foto: Audun Rossevatn/SNO

– Det som er spesielt i år er at mange av angrepa har vore relativt nær kysten, seier Kristian Eiken Olsen i tilsynet til NRK.no.

Rundt 80 prosent av sauene var drepne eller så alvorleg skada at dei måtte avlivast når dei vart funne.

Flest i Vest-Agder

Størstedelen av funna er gjort i Vest-Agder.

– Det er relativt høgt tal, men det er over to fylke. Vi har dokumentasjon på at det var to ulvar, i alle fall på eit tidspunkt, seier Eiken Olsen.

Seinast i helga vart fem sauer funne drepne av ulv i Åseral. Ein elgjeger såg ein ulv ete ein sau gjennom kikkertsiktet.

Sauen var død

NRK.no fekk tidlegare opplyst at sauen av levande. Dette avkrefta jegeren overfor Fædrelandsvennen måndag.

– Sauen var død då eg gjekk bort til den, sa Normann Hetland til avisa.

Måndag starta lisensjakt på ulv. Det betyr at det er lov til å skyte to ulvar i Agder-fylka.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %