Hopp til innhold

Jeger såg ulv ete levande sau

Ein elgjeger kom over ein ulv som åt på ein levande sau i Åseral i Vest-Agder. Grunneigarar hevdar også at dei høyrde ulvehyl fleire stader i området.

Sauer drept i Åseral

DREPEN: Her er to av sauene som var funne drepen av ulv i Åseral laurdag.

Foto: Audun Rossevatn/SNO

– Jegeren ringde grunneigaren med ein gang, som sporenstreks gav han beskjed om å skyte den. Men det turte ikkje jegeren då han meinte dette ikkje var lov før lisensjakta 1. oktober, seier Gunnuf Mannflå som er leiar av grunneigarane sin frittståande organisasjon til Lindesnes.

Ifølgje Mannflå prøvde jegeren deretter å rope for å skremme ulven vekk, men den ville ikkje flytte på seg. Etter kvart stakk ulven frå staden.

– Vill situasjon

– Sjølv meiner eg at han burde ha skote ulven. Det er lov når den openlyst angrip sauer. Dette kan ikkje halde fram, seier Mannflå.

Laurdag kveld vart det funne tre sauer som er drepen av ulv. Søndag fekk NRK.no stadfesta at det er funne to nye sauer som er drepne.

– Eg høyrde ulvehyl frå to kantar. Dette er ein heilt vill situasjon. Bøndene stimla til og panikken byrjar å bre seg. Noko av det som skremmer meg er kor tamme desse ulvane er, seier han til avisa.

Statens naturoppsyn har flådd sauene som er funne drepne.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Stygt skada

– Sauen som var ete medan jegeren såg på var stygt skada i brystkassa og buken var oppeten, seier rovviltkontakt i tilsynet, Audun Rossevatn til Lindesnes.

– Kan du stadfeste at det er to ulvar som har vore i aksjon?

– Nei, det kan eg ikkje. Det er berre sett ein ulv i dag, men det er klart at vi har jo jakta på to ulvar sidan i sommar, så heilt sikker kan eg ikkje vere, seier han.

Kristian Eiken Olsen i Statens naturoppsyn har ikkje tru på at det var fleire ulvar på staden samstundes laurdag.

– Tidlegare har ulvane operert ein og ein. Men vi har hatt to ulvar på Sørlandet i sommar. Men dei har drepe dyr samstundes på stor geografisk avstand, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,15 kr
Dyrest kl. 07 2,29 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %