Hopp til innhold

Tidenes beste for Vindbjart

Vennesla-klubben kom på 3. plass i årets 2. divisjon. Dermed sikra laget si beste plassering nokonsinne. I tillegg er dei nest best på Sørlandet, bak Start.

Vindbjart

SIGER: Vindbjart-spelarane jublar for Christian Follerås si 2-1 scoring mot Førde.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Det er litt godfølelse. Det er kjempegøy at vi vinn her og blir nummer tre. Vi har masse ungt og lovande på bana, seier Vindbjart-trenar Steinar Skeie til NRK.no.

I sesongens siste seriekamp slo sørlendingane Førde 2-1, som må gå den tunge vegen ned i 3. divisjon neste sesong. Vindbjart var berre tre poeng unna 2. plassen, men har heile 27 poeng opp til opprykksklare Notodden.

Christian Follerås og Vegard Skjeldestad

TRØST: Christian Follerås og Førde-keeper Vegard Skjeldestad etter ein duell. Follerås scora eitt mål og bomma i tillegg på straffe tre minutt før slutt.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Fantastisk gøy

– Vi hadde også vore uslåelege med 13 millionar på konto. Det har noko med det å gjere. Men eg skal ikkje mase for mykje om pengar, men det betyr ein del. Dei toler til dømes fleire skader enn oss. Dei berre kjøper inn dei spelarane dei treng, seier trenaren.

Venndølen Morten Mykland har gått gradene på dei aldersfastlagde laga til Vindbjart og er stolt over tabellplasseringa til klubben.

– Det er ekstremt gøy når vi klarar å avslutte sesongen på ein slik måte. Tidenes beste plassering er fantastisk. Dette må vi byggje vidare på, seier han.

Både Skeie og Mykland er stolt over å kunne kalle seg Sørlandets nest beste lag etter Start.

– Seglar etter Start

Morten Mykland, Vindbjart

FEST: Morten Mykland kledd til fest etter årets siste kamp.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Vi er den vesle jolla som seglar etter Start. Dei er flaggskipet og det vil dei forhåpentlegvis vere også i framtida. Vi får gå i dragsuget og segle så godt vi kan, seier Skeie.

– Det blir gøy i kveld. Vi må jo alltid feire litt etter sesongen, smiler Mykland lurt.

Laurdag kveld skal laget feire den gode sesongen. Kvelden startar med felles middag, før turen går heim til laget sin kaptein.

– Det blir ein liten fest der. Vi set stor pris på at han stiller huset sitt til disposisjon, så får vi prøve å ikkje rive det ned iallefall, ler Mykland.

Steinar Skeie, Vindbjart

NØGD: Vinbjart-trenar Steinar Skeie er godt nøgd med årets sesong.

Foto: Sander Heggheim/NRK
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %