Hopp til innhold

To menn tiltalt for klokkeran

To menn frå Austlandet er tiltalt for tjuveri av klokker frå Askeland Ur i Kristiansand.

Ranere Askeland Ur & Smykker

RAN: To menn må møte i retten for eit ran av Askeland Ur i februar i år.

Foto: Overvåkningskamera

Dei to er tiltalt for å ha stole klokker for over 1,3 millionar kroner. Ranet vart utført midt på lyse dagen i Kristiansand si mest travle handlegate.

Stakk av

Ranarane brukte slagvåpen og knuste fleire glasmonter før dei raska med seg klokker verd over ein million kroner. Mennene kom seg unna i ein ventande bil som stod parkert like ved.

– Dei kom i full fart og sette ei ståltrapp føre døra, og så byrja dei å knuse skap med stålrør og ein annen ting. Så måka dei klokkene oppi ein pose. Det skjedde veldig fort og vi vart redde, sa Haldora Tesdal som jobba i urmakerforretninga på ransdagen.

Rana på nytt

Også i mars vart den same urmakarforretninga utsett for eit ran. Der vart tre litauarar tekne.

Dei to rana gjorde at butikken innførte eit nytt system, som inneber at kundane må ringe på dersom dei vil inn.

– Det er trist. Vi har helde til her i 18 år utan å måtte uroe oss på dagtid. Vi har hatt sjokkbrekk om nettene, men då får du det ikkje sånn innpå deg, sa Tesdal då den nye ordninga vart sett i verk.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %