Hopp til innhold

– Moland og French kan bli drept

Advokaten til enka etter den drepte sjåføren meiner Tjostolv Moland og Joshua French kan bli avretta dersom den norske stat ikkje betalar erstatning.

Joshua French og Tjostolv Moland

FORHANDLINGAR: Advokaten til enka meiner det er opp til staten Noreg kva som vil skje med Tjostolv Moland og Joshua French.

Foto: STRINGER / Afp

– Det er greit at Moland og French ikkje har desse pengane, men når Noreg legg så mykje ressursar i denne saka, må dei også vere villege til å gjere det som verkeleg kan løyse den. Nemleg leggje pengar på bordet, seier advokat Francois Alauwa til Dagbladet.

LES OGSÅ: – Moland og French må betale selv
LES OGSÅ: – Overgang til Noreg vil bli tøff

Sjokkert over dobbeltmoral

– Eg er sjokkert over Noreg sin dobbeltmoral, legg han til.

Moland, French og Noreg vart dømd til å betale erstatning på 31 millionar kroner.

– Dette er ingenting for eit land som Noreg, seier han.

LES OGSÅ: 18 millioner for Moland og French
LES OGSÅ: Moland og French kan bli utlevert

– Noreg har to val. Anten betale for å få Moland og French fri, eller sitje stille og vente på at dødsstraffa vert effektuert, seier Alauwa.

– Alt kan skje

Kongo har ikkje avretta nokon sidan 2003. Kongolesiske styresmakter har forsikra den norske regjeringa om at dødsstraffa ikkje vil bli effektuert.

– Eg seier ikkje at det vil skje, men at det kan skje. Det er president Kabila som har stoppa avrettingane, men ved eit regimeskifte kan alt skje, seier han.

LES OGSÅ: Til Kongo for å forhandle
LES OGSÅ: Forhandlinger om Moland og French

I førre veke vart norske og kongolesiske styresmakter einige om at Moland og French kan bli overført til Noreg dersom ofra får ei erstatning dei godtek.

– Ansvaret for dei vidare forhandlingane om erstatning ligg no hos dei to partane, seier ambassadør Arild Øyen til avisa.

Advokaten forstår ikkje

Men den kongolesiske advokaten forstår ikkje kva det er å forhandle om.

– Hva vil essensen av desse forhandlingane vere? Eg er ein høffleg mann og vil ta imot dei som kjem for å prate, men eg forstår ikkje kva det er å snakke om. Domstolane har fastsett erstatning, seier han.

Kva som vil skje dersom partane ikkje vil bli einige har advokaten følgjande svar på.

– Det spørsmålet må du stille til Noreg. Desse gutane blir sittjande i fengsel til pengane er utbetalt, seier han.

– Advokaten min er krevjande

Tidlegare har enka fortalt at ho vil ha ei løysing på saka, og at ho er villeg til å redusere kravet.

– Advokaten min er krevjande. Han vil ikkje gje ifrå seg pengar, seier ho til Dagbladet.

Ifølgje avisa er det vanleg i Kongo at advokaten sitt honorar er ein del av erstatningsbeløpet.

– Advokaten min har lagt ned mykje arbeid i denne saka, og eg vil ikkje skuffe han, seier ho.

Advokaten avviser at dei to er ueinige.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %