Hopp til innhold

Søren (24) sumde og gjekk dobbelt så langt som først antatt etter forlis

Søren Thuesen som kom seg til land etter jolle-forliset i Mandal, med kameraten på slep, symde og gjekk dobbelt så langt som først antatt. Han var i sjøen i fleire timar. Fire personar er framleis sakna etter forliset.

Kart Mandal

SYMDE SJU KILOMETER: Søren Thuesen symde heile sju kilometer frå staden jolla til dei seks danskane forliste, til han fekk varsla frå om ulykke til politiet.

Foto: www.gulesider.no / Jørgen Kirk / Scanpix / Sander Heggheim/NRK

Det kom fram på ein pressekonferanse med politiet i ettermiddag.

Ingen av dei skal ha brukt redningsvest.

– Politiet har funne ut at forliset skjedde like ved Årsholman. Mannen har dermed sumt og gått ei strekning på til saman sju kilometer, seier reporter Håkon Eliassen som var på pressekonferansen.

LES OGSÅ: – Dei oppførte seg lite proft (Sjå video)
LES OGSÅ: Esther tok imot redningsmannen

– Må vere ein tøff kar

Tidlegare i dag har 24-åringen, som er livreddar, fått mykje skryt for sin innsats. Med kameraten på slep, klarte han å komme seg til land ved Sandøy.

– Han sikkert sumt tre-fire kilometer. Han må vere ein tøff kar, sa operasjonsleiar ved Agder politidistrikt, Hans Petter Osaland tidlegare i dag.

LES OGSÅ: Slik varsla redningsmannen politiet
SJÅ: Bilete frå redningsarbeidet

Leiteaksjon Mandal, jolleforlis

LEITAR ETTER FIRE SAKNA: Det vert leita både frå lufta, på sjøen og på land etter dei fire sakna danskane etter jolle-forliset utanfor Mandal. Bilete er frå basen på Skjernøy, der Søren Thuesen fekk varsla frå om ulykka.

Foto: Kari Løberg Skår / NRK

Mora: – Søren er prega

Familien til mannen er no på veg til Noreg.

– Son min er prega over det som har skjedd, men har det etter forholda bra, seier mora Helle til VG.

Dei pårørande vil bli møtt av kommunen sitt kriseteam og kommuneoverlege Stein Grytten.

– Kommunen vil gjere alt dei kan for dei pårørande, seier Trine Merete Vasby.

Pårørande til dei fire mennene som framleis er sakna har bestemt seg for å bli i Danmark så lenge situasjonen er som den er.

Politiet sa også på pressekonferansen at dei framleis har håp om å finne dei fire sakna personane i live.

– Det skal halde fram med det same trykket heilt fram til midnatt. Politiet seier dei leitar etter fire personar i live, seier reporter Håkon Eliassen.

– Sjøen slo over dei

Dei seks danske ungdommane var på ferie, og skulle ut for å fiske i går. Ungdommane reiste ut i dårleg vêr og ei i lita 14 fots jolle.

– Etter litt fram og tilbake såg vi at dei skulle ut og fiske. Det var fiskestenger og dei gjekk ut på brygga. Så gjekk jolla ut. Det var ei 14 fots jolle, den var full av folk, seks stykk, nesten ikkje fribord, motvind, sjøen slo over dei og dei berre gassa på, seier Otto Solli, som var i området i går, til NRK.no.

– Vi stod og sa for oss sjølv at, desse oppfører seg lite proft, nesten som tyskarane gjer når dei reiser ut. Det var lite redningsvestar å sjå, og det var såpass dårleg sikt at vi mista dei. Det var det siste vi såg til dei, fortel han.

Hytta til danskane - Jolle-ulykke Mandal

BUDDE HER: Dei seks ungdommane budde i denne hytta på Skjernøy utanfor Mandal. Ungdommane skulle ut for å fiske, men berre to er funne etter eit forlis med jolla deira. Tilstanden er stabil for dei to. Fire andre er framleis sakna.

Foto: Kari Løberg Skår / NRK

Vanskelege leiteforhold

Leiteforholda i området er vanskelege, men ifølgje Hovudredningssentralen kan det bli aktuelt å setje inn dykkarar i leitinga etter dei fire sakna danskane.

LES OGSÅ: Vêret stoppar ikkje leitinga

– Det vil ikkje nødvendigvis bli ei opptrapping, men dei søkjer i område som har vore undersøkt tidlegare, for å sjå om dei kan ha teke seg i land på holmar og skjær i området, seier redningsleiar ved Hovudredningssentralen, Johan Mansåker til NRK.no.

– I tillegg kan det vere aktuelt å setje inn dykkarar i nokre område for å få sjekka ut det, legg han til.

Fekk ikkje hjelpe

Lokalbefolkninga reagerer på at politiet nekta dei å vere med i redningsarbeidet etter båtforliset. Då leiteaksjonen kom i gang i natt, fekk ikkje lokale fiskarar og andre som kjenner skjærgarden utanfor Skjærnøya lov til å hjelpe til.

– Vi kjenner kvar øy og holme. Vi kjenner draget i sjøen og vinden. Det var bølgjer og mykje sjø. Forholda var vanskelege, seier Esther Vågsvoll.

Årsaka til dette forklarar politistasjonssjef i Mandal, Bjart Gabrielsen.

– Det handlar om at vi var i ein situasjon der vi måtte ha kunnskap om kven som var kvar og kven som vart sendt ut. Det var relativt sterk vind og veldig mørkt, seier Gabrielsen.

– Vi har full tiltru til at kunnskapen til lokale bebuarar er utmerkt, men vi var i ein situasjon der vi måtte få oversikt over kva ressursar vi brukte kvar, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 0,64 kr
Dyrest kl. 02 1,33 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5,1 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %