Hopp til innhold

Vêret stoppar ikkje leitinga

Hovudredningssentralen for Sør-Noreg vil halde fram leitinga etter fire danske ungdommar etter ei jolle-ulykke utanfor Mandal. Leiteforholda er vanskelege.

Leitar etter sakna i Mandal

HELD FRAM SØK: Leitemannskapa held fram søket etter dei fire sakna danske ungdommane etter jolle-ulykka utanfor Mandal. Det kan bli aktuelt å setje inn dykkarar enkelte stader.

Foto: Kari Løberg Skår / NRK

– Vi søkjer framleis. Det er framleis håp om å finne nokon av dei sakna i live, dersom dei har klart å ta seg i land på holmar og skjær i det aktuelle området, seier redningsleiar ved Hovudredningssentralen, Johan Mansåker til NRK.no.

LES OGSÅ: – Dei oppførte seg lite proft
LES OGSÅ: Esther tok imot redningsmannen

– Det har vore regnbyger og det bles ein del. Det er ikkje dei beste leiteforholda, men søket pågår for fullt likevel, seier han.

Kan setje inn dykkarar

Det vert søkt både frå lufta, i sjøen og på land etter dei fire sakna danske ungdommane. Mannskapsstyrken vil vere på same nivå i timane framover.

LES OGSÅ: Slik varsla redningsmannen politiet
LES OGSÅ: Startar søk på land

– Det vil ikkje nødvendigvis bli ei opptrapping, men dei søkjer i område som har vore undersøkt tidlegare, for å sjå om dei kan ha teke seg i land på holmar og skjær i området. I tillegg kan det vere aktuelt å setje inn dykkarar i nokre område for å få sjekka ut det, seier han.

Ulykka skjedde i går kveld, då den 14 fots jolla kantra. Alle seks som var om borg fall i sjøen. To kom seg til land. Jolla har blitt observert.

Hytta til danskane - Jolle-ulykke Mandal

PÅ FERIE: Dei seks danskane var på ferie i Noreg, og budde i denne hytta utanfor Mandal.

Foto: Kari Løberg Skår / NRK

Båten observert

– Den vart observert i natt, men leitemannskapa fekk den ikkje med seg, så den er ikkje funne endå. Vi veit ikkje nøyaktig kvar havariet har skjedd, men vi har fått kjennskap til at observasjonen har vore litt lengre sør-vest av havariorådet, seier Mansåker.

SJÅ: Bilete frå redningsarbeidet

Det har gått mange timar sidan mennene hamna i sjøen. Leitemannskapa søkjer i håp om å finne folk i live.

– Dei fire som er sakna hadde ikkje på seg redningsvestar. Vi veit at alle seks prøvde å symje inn til land ved Sandøy. To har klart det, fire har ikkje klart det. Men det fins andre holmar og skjær sør for Sandøy der dei kan ha komme seg i land. No må vi sjekke andre landområde for å sjå om dei kan ha teke seg til land, seier redningsleiaren.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 0,85 kr
Dyrest kl. 08 1,73 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %