Hopp til innhold

– Dei oppførte seg lite proft og var dårleg utstyrt

Otto Solli var truleg ein av dei siste som såg dei seks danske ungdommane, som hamna i sjøen då jolla deira kantra. Han reagerte på kor dårleg utstyrt dei var.

Video otto solli-H_SL.mp4

AUGEVITNE: Otto Solli såg dei seks danskane leggje frå brygga. Truleg er han og naboen den siste som har sett alle seks. Fire av dei er framleis sakna.

– Eg var heime hos meg sjølv og skulle fiske laks, då danskane kom i bil. Dei køyrde ned til brygga. Her har kun vore ein bil tidlegare, og det var ein ambulanse, så vi var litt nysgjerrige, seier Otto Solli til NRK.no.

LES OGSÅ: Slik varsla redningsmannen politiet
LES OGSÅ: Ester (73) tok imot redningsmannen
SJÅ: Sjå bilete frå redningsarbeidet

– Etter litt fram og tilbake såg vi at dei skulle ut og fiske. Det var fiskestenger og dei gjekk ut på brygga. Så gjekk jolla ut. Det var ei 14 fots jolle, den var full av folk, seks stykk, nesten ikkje fribord, motvind, sjøen slo over dei og dei berre gassa på, seier han.

– Det var det siste vi såg

Saman med naboen såg Solli ungdommane reise ut frå brygga. Ungdommane var på ferie i Noreg. Dei to følgde ungdommane frå kikkert, før dei forsvann for dei på grunn av dårleg sikt.

– Vi stod og sa for oss sjølv at, desse oppfører seg lite proft, nesten som tyskarane gjer når dei reiser ut. Det var lite redningsvestar å sjå, og det var såpass dårleg sikt at vi mista dei. Det var det siste vi såg til dei, fortel han.

LES OGSÅ: Dramatisk båtulykke ved Mandal
LES OGSÅ: Båten ikke funnet

Dei to gjekk heim til sitt, før dei var tilbake rundt kvart på ti onsdag kveld. Då stod den danske bilen framleis på parkeringsplassen.

Leitar etter sakna i Mandal

LEITAR: Store leitemannskap leitar i området rundt der jolla skal ha kantra, etter dei fire sakna danskane.

Foto: Kari Løberg Skår / NRK

– Burde kanskje ha stoppa dei

– Naboen min er fødd og oppvaksen her og har sett og høyrt mykje rart. Han er sjømann og sa, slikt vert det ulykker av, når ungdom er så dårleg utrusta reiser ut i slikt ver, seier han.

– Vi burde kanskje ha stoppa dei, men det er for seint no. Men det var det vi sa då, vi burde ha stoppa dei, seier han.

Leitemannskap både i lufta, på sjøen og langs land leitar etter dei fire danskane som er sakna. Dei to som kom seg i land ligg no på sjukehus. Tilstanden til dei to er stabil.

Det er vanskelege leiteforhold i området på grunn av hard sjø.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 0,64 kr
Dyrest kl. 02 1,33 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,3 kr 25 min.
  • Dusje 2,7 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,3 kr En vask
  • Varmeovn 0,7 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %