Hopp til innhold

Esther tok imot redningsmannen

73 år gamle Esther Vågsvoll tok imot ein av dei to danske ungdommane etter jolle-ulykka i Mandal. Mannen i 20-åra ba Esther om å kontakte politiet.

Esther Vågsvoll

TOK HAND OM DANSKE: Esther Vågsvoll (73) tok hand om ein av dei seks danske ungdommane som hamna i sjøen utanfor Mandal i går kveld, då jolla deira gjekk rundt. Til høgre i bilete ser du ein av dei to som kom seg på land, på veg til sjukehus. Fire av dei er framleis sakna.

Foto: Kjell Pedersen/NRK / Scanpix

– Vi kom heim i halv elleve tida. 20 minutt seinare banka det på døra. Eg så ut vindauge kven dette var. Då såg eg ein mann i berre trusa, seier Vågsvoll til NRK.no.

LES OGSÅ: Slik varsla redningsmannen politiet
LES OGSÅ:
Startar søk på land

Blødde frå beina

– Han var klissvåt og blødde frå beina. Han fortalde at båten deira hadde kantra og at han hadde symt i land og ba oss ringe politiet, seier ho.

Det var seks personar om bord i den 14 fots jolla. Mannen fortalde også at han hadde fått ein av dei andre mennene opp på ein holme.

– Han visste ikkje kva holmen heitte, men beskreiv korleis denne såg ut. Då forstod eg kvar han sat og redningsmannskap kunne komme fram til han.

SJÅ: Bilete frå redninsarbeidet
LES OGSÅ: Dramatisk båtulykke ved Mandal

73-åringen fekk mannen i dusjen, fekk på han tørre klede, gav han mat og bandasjerte såra på beina.

Jolle-ulykke i Mandal

LEITAR: Leitmannskap frå Sivilforsvaret og Røde Kors søkjer langs land, etter dei fire sakna danskane, etter jolle-ulykka.

Foto: Kari Løberg Skår / NRK

– Fleire var i live

– Han var veldig uroa for venene sine og meinte at fleire av dei var i live når han kom seg på land. Ha sa også at han hadde prøvd eit anna hus, men at ingen var heime. Dermed hoppa han ut igjen i sjøen og symde bort til vårt hus, der han såg lys, fortel ho.

Vågsvoll er kritisk til at lokale fiskarar vart nekta å vere med å leite etter dei fire personane som er sakna i går kveld.

– Vi kjenner kvar øy og holme. Vi kjenner draget i sjøen og vinden. Det var bølgjer og mykje sjø. Forholda var vanskelege, seier ho.

Seinare vart mannen teke hand om av sjukehuset. Kameraten hans som venta på ein holme var henta av leitemannskap og send til sjukehus. Tilstanden til dei to skal vere stabil. Dei fire kameratane er framleis sakna.

Kom i land - ulykke Mandal

HUSET: Det var her dansken fekk varsla politiet.

Foto: Kari Løberg Skår / NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 0,64 kr
Dyrest kl. 02 1,33 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %