Hopp til innhold

Slik varsla redningsmannen politiet

Mannen som redda kameraten sin i jolle-ulykka i Mandal, sette sitt eige liv på spel då han skulle varsle politiet. Mannen skal ha symt fleire kilometer i sjøen. – Eit under at det gjekk bra, seier politiet.

Kart Mandal

REDNINGSRUTA: Denne ruta tok ein av danskane for å varsle poltiet om jolle-ulykka, som gjorde at den danske kameratgjengen på seks hamna i sjøen.

Foto: www.gulesider.no / Sander Heggheim/NRK

Ifølgje politiet skal mannen til dagleg jobbe som livreddar. Då den 16-17 fots jolla til dei seks kameratane gjekk rundt, klarte han å få med seg ein av personane til land på øya Sandøy.

SJÅ: Bilete frå redningsarbeidet

– Nærast eit under

Her forlot han kameraten og sprang vidare over øya, før han kasta seg i sjøen att og symde til Hellersøy. Deretter sprang han over øya, før turen på nytt gjekk i sjøen.

LES OGSÅ: Startar søk på land
LES OGSÅ: Dramatisk båtulykke ved Mandal

Til slutt kom han seg utruleg nok på land ved Skjernøy, der han til slutt fekk kontakta politiet for å varsle om ulykka. Politiet fekk meldinga klokka 22.48 onsdag kveld.

Han var ute og fiska saman med fem kameratar då jolla deira gjekk rundt.

– Det har vore ei veldig strabasiøs ferd. Det er nærast eit under at han har komme seg i land, seier politistasjonssjef i Mandal Bjart Gabrielsen til NRK.no.

Overlevande etter jolle-ulykke i Mandal

SEND TIL SJUKEHUS: Ein av dei to som kom seg til land på veg til sjukehus. Tilstanden til dei to skal vere stabil, opplyser sjukehuset.

Foto: Martin Næss Kristiansen / Lindesnes Avis / Scanpix

Tilstanden stabil

Tilstanden til dei to som kom seg opp skal vere stabil, ifølgje sjukehuset i Kristiansansand. Dei fire kameratane er framleis sakna.

LES OGSÅ: Båten ikke funnet

– Ifølgje leitemannskap er det særs grov sjø i området. Dei seier at det vil vere vanskeleg å komme seg i land. Det er nesten ikkje til å tru at denne mannen har klart å komme seg i land, seier reporter Johanne Tunaal-Larsen som er i Mandal.

– Han sikkert symt tre-fire kilometer. Han må vere ein tøff kar, seier operasjonsleiar ved Agder politidistrikt, Hans Petter Osaland.

Leitinga etter dei fire mennene i 20-åra, som framleis er sakna, er trappa kraftig opp i føremiddag. Fleire helikopter, båtar og bakkemannskap frå Røde Kors og Sivilforsvaret er sett i verk.

Redningsbase i Mandal

REDNINGSBASE: Redningsmannskap er samla på Skjernøy utanfor Mandal. Redningsmannskap både på sjøen, i lufta og på land leitar etter dei fire sakna mennene frå Danmark.

Foto: Johanne Tunaal-Larsen/NRK

– Vi gjer ikkje opp

– Leitinga vert organisert lokalt. Vi vil leite vest for ulykkesstaden på øyane, som kan vere aktuelle. Vi trur at vi kan ha moglegheit til å finne personar, seier politistasjonssjef i Mandal, Bjart Gabrielsen til NRK.no.

– Vi må erkjenne at det har gått mange timar, men vi gjer ikkje opp, seier Gabrielsen.

Mennene brukte truleg ikkje redningsvest.

Alle dei pårørande er varsla, og det er oppretta eit kriseteam.

Politiet har kalla inn til pressekonferanse på politistasjonen i Mandal klokka 14. NRK.no er tilstades.

Video Leteaksjon etter båtulykke utenfor Mandal

VIDEO: Sjå video frå redningsarbeidet etter ulykka.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 0,64 kr
Dyrest kl. 02 1,33 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %