Hopp til innhold

240 elevar kjempar for å behalde skulenamnet

Elevar ved Lister VGS Studiested Eilert Sundt i Farsund nektar å godta at skulen deira kan få nytt namn.

Elevar protesterer mot namnebyte

PROTESTERER: Her er nokre av elevane som protesterer mot forlaget om å byte namn på Eilert Sundt.

Foto: Ådne Husby Sandnes/Farsunds Avis

– Vi er redde for å miste namnet på skulen vår no som det skal avgjerast på fylkesnivå. Vi elevar har mange kjensler knytt til namnet Eilert Sundt, seier Kai Steffensen til Farsunds Avis.

Saman med tre andre starta han ei underskriftskampanje mot at skulen skal skifte namn frå Eilert Sundt til Farsund.

– Blir for dumt

Kampanjen har så langt resultert i 240 underskrifter imot forslaget om namnebyte.

Bakgrunnen for forslaget er at ein komité har komme fram til at alle skulane i Lister burde ha geografiske namn. Dette for at skulane i området skal stå fram som meir samla. Lister vidaregåande skule består av til saman fem skular: Eilert Sundt, Flekkefjord, Kvinesdal, Lista og Lyngdal.

– At namnet skal vere vippepinnen for at ein skal samle skulane i Lister blir for dumt. Vi vert ikkje meir samla berre av å byte namn, seier han til avisa.

Den vidaregåande skulen har hatt namnet Eilert Sundt i over 20 år. I februar skal politikarane på fylkesnivå avgjere om namnebytet blir ein realitet.

Steinar Reinertsen som er ein av dei fire som starta kampanjen, meiner ei namneendring vil vere forgjeves.

– Dei som skal starte på vidaregåande, kjem framleis til å seie at dei skal byrje på Eilert, trur han.

– Uheldig av elevane

Rektor ved skulen, Elin Stavrum, meiner at elevane ved skulen overreagerer når dei samlar inn underskrifter mot forslagt om namneskifte.

– Eg tykkjer det er uheldig at elevane ikkje kontaktar meg før dei går ut med ein protest. Dette er eit forslag. Politikarane i hovudutvalet for kultur og utdanning skal avgjere dette i februar, seier rektoren.

– Vi ynskjer å stå fram som ein skule. Då kan det vere greitt at alle har geografiske namn, seier ho.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %