Hopp til innhold

Fleire føler seg svindla etter mottak av dyre meldingar

Hans G. Andersen frå Egersund blei mildt sagt forbanna då han fant ut at han måtte punga ut 90 kroner kvar gong han mottok denne meldinga. Nå vil han melda selskapet som står bak til politiet.

Hans G. Andersen

Nesten 400 personar har meldt inn telefonnummeret 2333 til nettstaden telefonterror.no for forsøk på svindel.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Hans G. Andersen fekk seg eit sjokk då han såg på mobilrekninga at reklamemeldingar som har tikka inn på telefonen hans kosta 90 kroner per stykk. Og han seier at det er fleire som har opplevd det same.

– Det er ikkje berre eg som har måtta punga ut på grunn av desse meldingane, også sonen min og fleire andre her i bygda har mottatt meldingane i det siste, seier Andersen.

Mogleg svindel

Og mannen frå Egersund er heller ikkje den første som har reagert på meldingar som kjem frå avsendaren 2333.

På nettstaden tellefonterror.no har 400 personar meldt inn nummeret som mogleg forsøk på svindel.

Dei siste har kome i løpet av denne veka. Men også i samanheng med valentinsdagen i år var det mange som måtte punga ut for meldingar frå dette nummeret.

Prøvde å stoppa tenesta

Då det gjekk opp for Andersen at han måtte betala dyre dommar for å få meldingane, som spør om han vil delta i ein konkurranse, prøvde han å stoppa tenesta.

Dette fekk han ikkje til og har fram til i dag mottatt meldingane.

– Dette er svært irriterande, særleg sidan eg aldri har sagt at eg ønskjer å få meldingar av dette slaget, seier han.

Dei dyre meldingane kjem frå nummeret 2333 som er eigd av selskapet Aspiro. Dei opplyser om at meldingane til Andersen kjem frå eit israelsk selskap, Trivicell, som leiger bruken av nummeret.

Trivicell har fleire gonger vore i media sitt søkjelys på grunn av rådyre konkurransar på internett.

Får pengar tilbake

Kristin Castillo Eldnes som er pressesjef i Aspiro seier likevel at dei berre samarbeidar med seriøse aktørar:

– Trivicell er ein av fleire kundar hos oss som sendar ut sms frå nummeret 2333. Me krev av alle kundane våre at det skal vera mogleg å stoppa slike tenester og at folk aktivt må ha registrert seg med mobiltelefon eller internett for å få meldingane, seier Eldnes.

Ho seier likevel at om dei får inn mange klagar på ei og same bedrift vil det vera grunn å føra ekstra kontroll med selskapet.

– Me har nå sjekka opp Andersen sitt forhold og i vårt system går det fram at han registrerte seg via nett i januar, seier ho.

Ho seier også at dei kan sjå at han har prøvd å stoppa tenesta med å skriva «TC STOP», men sidan han gløymde å ha mellomrom i meldinga haldt tenesta fram:

– Derfor skal me nå syta for at han får tilbakebetalt for dei fire meldingane han har fått etter dette, seier ho.

Dette er ein sum på 360 kroner. Eldnes understrekar at det er viktig å skriva riktige stopp-meldingar. Sidan det er maskinar som mottar meldingane forstår dei ikkje «Stans» eller «Slutt».

Meldar til politiet

– Det er dumt at Andersen seier fleire føler seg lurte, men det ser ut som om alt har skjedd på riktig vis i hans tilfelle seier Eldnes.

Men Andersen meiner at han slett ikkje har registrert seg, og at han og andre har blitt regelrett svindla.

– På måndag går eg til lensmannen og meldar dette, seier han.

Ingeborg Flønes

Ingeborg Flønes er direktør for forbrukarservice ved Forbrukerrådet. Ho seier at slike saker slett ikkje er uvanleg.

Foto: CF Wesenberg Kolonihaven

Tilbakebetalinga frå Aspiro var altså ikkje nok for mannen som meiner at eit selskap som tar 90 kroner frå folk som mottar reklame-sms slett ikkje er ein seriøs aktør.

Kan klaga skriftleg

Ingeborg Flønes, er direktør for forbrukarservice ved Forbrukerrådet, ho har tidlegare gitt NRK.no sine lesarar tips om korleis kva ein kan gjera om ein kjem opp i ein liknande situasjonar.

– Dersom du blir belasta på mobilrekninga di for å ha mottatt meldingar du meiner du ikkje har bestilt, må du klaga skriftleg til den teleoperatøren eller innhaldsleverandøren du fekk regninga frå, seier Flønes.

Får du avslag, kan du klaga inn saka for Brukerklagenemnda. Viss du ikkje får svar innan tre veker blir det sett på som eit avslag. Dette er gratis.

– Reint generelt bør ein også alltid senda «stopp» til avsendarnummeret, for å unngå å bli vidare belasta, legg ho til.