– Me har eit globalt ansvar om å ta vare på matjorda vår, det blir fleire munnar å metta i verda samstundes som sjølvforsyningsgraden stadig går ned i landet. Det seier seg sjølv at den utviklinga ikkje kan vedvara, seier assisterande landbruksdirektøren i Rogaland, Anfinn Rosnes.
- Les òg:
- Les òg:
Bustadutbygging
Han seier at særleg Rogaland heng etter i arbeidet med å verna om matjord i Norge:
– Det har vore eit nasjonalt mål å halvera mengda matjord som årleg blir omdisponert til andre føremål enn landbruk, over ein tiårs periode. Viss me skal få dette til må med ned i 500 dekar (1 dekar = 1000 kvadratmeter) årleg i Rogaland, men dei nye tala viser at det forsvann 1 400 dekar matjord i fylket i 2010, seier Rosnes.
I Sør-Trøndelag blei omlag 800 dekar omgjort. Til saman står dei to fylka for 30% av all matjorda i landet som i fjor måtte vika for til dømes bustadutbygging og næringsføremål.
Rogaland vekstfylke
At det forsvinn enorme mengder landbruksjord årleg i Rogaland har sine naturlege årsaker seier Rosnes.
– Me er ein region som er i stor vekst, og veksten skjer midt i matfatet. Men Rogaland kan ikkje unndra seg oppdraget av den grunn.
– Finnes det kommunar som er verre enn andre?
– Det er dei same kommunane som ofte går igjen. Presskommunar på Jæren med høg folkevekst og mykje matjord tett på tettstadene. Dermed blir det i bykommunane og jærkommunane Hå, Time og Klepp der det forsvinn mest matjord.
Han seier at Fylkesmannen har eit håp om at styra folkeutviklinga vekk frå matfatet og heller austover inn i landet. Dette vil dei prøva å påverka mellom anna i transportplanar for fylket.