Hopp til innhold

Med hjarte for heimfylket

Den viktiaste saka for André Nikolai Skjelstad dei neste fire åra er ei positiv utvikling i heimfylket, Nord-Trøndelag.

Andre Nikolai Skjelstad
Foto: Venstre

– Det kan til dømes vere at fylket får hurtigtog, seier Skjelstad til NRK Trøndelag.

André Nikolai Skjelstad blei valt inn på Stortinget frå Nord-Trøndelag i 2005. For han var det viktig med fokus på menneske då han skulle bestemme seg for kva parti som låg hans hjarte nærmast.

– Venstre er det sosialliberale sentrumspartiet som set mennesket i sentrum. Venstre er kritisk til at systema skal styre mennesket. Partiet som blei tufta på kampen mot embetsmannsstaten er like aktuelt i dag med den skilnad at embetsmannsstaten finst i ny drak som tildømes direktorat og meir byråkrati, forklarar Skjelstad.

KrF, Høgre og Sp

Når Venstre skal velje seg samarbeidspartnarar er toleranse overfor andre menneske eit viktig haldepunkt.

– Menneskeverdet er likt uansett etnisitet, innstilling og tru. God distriktspolitikk, god forskings- og utdanningspolitikk, klimapolitikk for fremtida og ein god nærings- og økonomisk politikk er viktig for oss, seier Skjelstad.

Kva parti vil du helst samarbeide med på Stortinget?

– Kristeleg Folkeparti og Høgre (og Senterpartiet).

Kva parti vil du samarbeide minst med?

– Framstegspartiet.

Tilhengar av rovdyr

Venstrepolitikaren er positiv til å finansiere vegutbygginga i Trøndelag med bompengar.

Han er også tilhengar av å ha dei fire store rovdyra i norsk natur, men når bestandsmåla er nådd skal dei ikkje aukast meir.

– Det er veldig mykje som tyder på at bestandsmåla er nådd på alle dei fire store. Det må vere romslege erstatningsordningar for dei som blir ramma.

Kva meiner du om å slå saman kommunar i Trøndelag?

– Eg er positiv til det. Noreg treng større kommunar og eit sterkare lokaldemokrati, seier Skjelstad.

Send epost til André Nikolai Skjelstad
Besøk André Nikolai Skjelstads heimeside
Møt André Nikolai Skjelstad på Facebook