Hopp til innhold

Brøytebilsjåfør fann politivåpen

– Vi er veldig takknemlege og glade, seier politimeisteren til NRK.

Politiet saknar våpen

BRUKTE TWITTER: Politiet gjekk ut i sosiale medium for å nå publikum og få att pistolen.

Foto: Politiet / Twitter

I laupet av natta mista ein politimann eit våpen i ein svart koffert i Trondheimsområdet. Til alt hell fann ein brøytebilsjåfør pistolen i føremiddag.

– Våpenet forsvann truleg under opplastinga av ein bil, før det vart låst inn. Ein teori er at det vart liggande på taket når bilen køyrde. Det vart først oppdaga i dag tidleg, seier politimeister Nils Kristian Moe.

Kom til rette

Politivåpen

FORSVANN: Ein slik koffert vart truleg liggande att på taket då politibilen køyrde av garde i natt.

Foto: Politiet
Politimester Sør-Trøndelag Nils Kristian Moe

LETTA: Politimeister Nils Kristian Moe er glad for at pistolen kom til rette.

Foto: Aksel Kroglund Persson / NRK

Like etter 12.30 fekk politimeisteren vite at ein brøytebilsjåfør hadde funne kofferten med pistolen.

– Vi er utruleg takknemlege for det, seier Moe. Han seier at politimannen som mista kofferten har teke det svært alvorleg.

Politiet har i dag brukt mykje ressursar på å leite, og gjekk blant anna ut på Twitter for å be publikum om hjelp.

Alvorleg sak

Tapet skjedde omtrent samtidig som Politets Fellesforbund har gått inn for full væpning av norsk politi. Moe innrømmer at det ikkje er bra at eit våpen vart borte, og spesialeininga for politisaker er allereie varsla om saka.

– Dette er svært alvorleg. Det skal ikkje skje, seier han.

Våpenet skal ikkje ha vore ladd, og det var ikkje ammunisjon saman med våpenet.

– Når slikt skjer, korleis ser du på det at Politiets Fellesforbund vil væpne politiet?

– Eg ser ikkje på det som noko problem. Vi skal ha forsvarleg behandling av våpen uansett, og dette er første gongen eg høyrer om at dette har skjedd, seier Moe.

Politiets nye pistol

FUNNE: Det var ein 9 mm Heckler & Koch P30 som vart borte for politiet i Sør-Trøndelag.

Foto: Heckler & Koch