Hopp til innhold

Frøya: Redda ut frå brennande hus

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ein person har redda seg ut frå eit brennande hus på Nordskaget på Frøya.

Politiet fikk melding om brannen klokka 07.37 i dag tidleg, men på grunn av lang utrykningstid til Frøya, har dei ikkje direkterapport frå staden enno.

– Vi fekk ei melding om eit hus som stod i full fyr, men at personen som var i huset, kom seg ut ved eiga hjelp, seier operasjonsleiar Morten Stene ved Sør-Trøndelag politidistrikt.

Ei politipatrulje er på veg til Frøya, og operasjonsleiaren ventar på nærare informasjon frå dei når dei er framme.

NRK oppdaterer.