Hopp til innhold

Her er Trondheims nye trekkplaster

Det nasjonale opplevingssenteret for pop og rock, Rockheim, opner dørene for publikum for aller første gong i Trondheim torsdag.

Video ROCKHEIM-040810W-ST_TL.mp4

Bli med inn i Rockheim.

– Opplevingssenteret skil seg først og fremst frå andre museum på grunn av det digitale innhaldet. Vi ønska å lage eit senter der det var minst muleg avstand mellom objekt og publikum, seier prosjektdirektør for Rockheim, Arvid Esperø, til NRK.no.

Kva syns du om det nye senteret? Diskuter nederst i artikkelen.

Pop- og rockens historie

Arvid Esperø

Prosjektdirektør Arvid Esperø er glad senteret endeleg kan opne.

Foto: Kristin Agerlie / NRK

Det tek kring to timar å gå gjennom senteret for ein person som er gjennomsnitteleg interessert i pop og rock, men det er fullt muleg å bruke ein heil dag til å studere Rockheim.

Tanken er at publikum skal starte i 6. etasje der hovudutstillinga er. Her kan ein gå gjennom dei ulike tidsepokane frå 1950-talet og fram til idag. Du kan også bli med inn i ein turnebuss og fordjupe deg i gamle avis- og radioklipp og kikke på ein kopi av øvingsrommet til Mayhem.

I 5. etasje er det restaurant og mediatek. Der vil det ligge ipadar der publikum kan studere det digitale biblioteket.

Godt mottatt av artistane

Det meste av lyd- og videomaterialet har Rockheim fått frå NRK og ulike plateselskap.

– Store delar av det vi har på senteret er donert frå musikarar. I tillegg er det mange tanter, søstre og mødre som har tatt vare på veldig mykje knytt kring sine artistar, seier Esperø.

I 4. etasje er det ulike opplevingsrom der publikum kan prøve å spele gitar med Ronni Le Tekrø eller mikse sin eigen hiphop-låt.

– Dette er ein nasjonal institusjon som skal løfte fram rocken sin historie, kvalitet og verdi av kulturlivet i Noreg. Senteret vil trekke fleire folk til byen, men også gjere at merksemda og fokuset rundt musikk og kultur i byen vil vekse endå meir, seier ordførar i Trondheim, Rita Ottervik, til NRK.no.

(Artikkelen held fram under bildet)

Utstilling på Rockheim i Trondheim

I turnebussen kan publikum studere ulike avis- og videoklipp.

Foto: Geir Mogen/Rockheim

Problem undervegs

Rockheim er 1 320 kvadratmeter stort og ligg på Brattørkaia i Trondheim. Det er ein av landets største forvaltarar av norsk populærkulturarv.

– Dette verkar spennande. Det er fint at Trondheim får ein ny stor attraksjon og det er også bra for norsk rock, seier Dag Ingebrigtsen frå gruppa The Kids til NRK.no.

Dei første ideane om Rockheim blei sådd i 1998, men først åtte år seinare sette kyrkje og kulturdepartementet ned ei styringsgruppe som starta jobben med senteret.

Rockheim har vore råka av mange problem undervegs i byggefasen. Først gjekk entreprenøren konkurs i august 2008, så braut det ut brann i Rockheim i oktober 2009. Senteret har også hatt problem med frostskadar.

I august 2009 opna Rockheim som Noregs første internettmuseum.

Fast utstilling

Den faste utstillinga i 6. etasje er lagt opp som ei reise gjennom nyare norsk musikk- og kulturhistorie. Du kan gå frå tiår til tiår, frå ungdomskultur på 1950-talet til vår digitale verd.

BILDER: Utstillinger på Rockheim

Fleire sentrale band og artistar, mellom dei Åge Aleksandersen, har fått sin eigen plass i utstillinga. Det er også muleg for publikum å sette igang videoar, lyd og bilete sjølv ved å trykke å ulike knappar.

I tillegg kan besøkande sjå ei rekkje instrument og andre ting som har hatt stor verdi for rock- og pophistorien.

(Artikkelen held fram under bildet)

Utstilling på Rockheim i Trondheim

Ronni le Tekrø lærer deg å spele kjente riff på gitaren.

Foto: Geir Mogen/Rockheim

Trekkplaster for byen

Opplevingssenteret vil bety mykje for Trondheim trur turistnæringa.

– Vi har venta på dette veldig lenge og eg blei imponert over senteret. Eg trur at dette blir eit eldorado for folk som er interessert i musikk, seier markedssjef Lisbeth Fallan ved turistkontoret i Trondheim til NRK.no.

Ho hadde for nokre veker sidan besøk av ein britisk journalist som ville skrive om Rockheim i ein internasjonal turistguide.

– Viss alt fungerer med teknikken kan dette bli eit trekkplater for byen. Publikum kan ta på ting og gjere mykje spennande på senteret, legg Fallan til.

Offisiell opning seinare

Rockheim opner dørene for publikum 5. august klokka 16.00. Det blir servert mat, drikke og musikk i parken utanfor senteret. Denne dagen er det også gratis inngang for alle som vil kikke på det nye senteret.

Den første konserten i det nye opplevingssenteret startar klokka 19.00. Då står Beatniks på scenen.

Den offisielle opninga med snorklipping og talar skjer først 19. august.