Hopp til innhold

Sveising muleg årsak til brann

Det braut i ettermiddag ut brann i Rockheim i Trondheim.

Brannvesenet skjærer seg gjennom fasadeplatene for å etterslukke brannen på Rockheim.
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

- Dette er eit bygg under oppføring. Vi har snakka med dei som var nært der brannen starta. Dei seier det blei drive sveisearbeid og vi jobbar ut frå teorien om at det er det som har starta brannen, sier Geir Arne Sjøhagen, innsatsleiar i politiet i Trondheim til NRK.

Politiet opplyser til NTB at brannen var sløkt ved 15-tida.

Brannvesenet rigga opp alt dei hadde av stigar og stigebilar då dei kom til brannstaden. I alt var 17 mann i arbeid.

Såg flammer

Politiet fekk melding om røykutvikling frå Rockheim-bygningen, som husar Det nasjonale opplevingssenteret for pop og Rock, på Brattørkaia i Trondheim fredag ettermiddag.

Då brannvesenet kom til staden stod flammene opp av taket på bygningen, fortel prosjektleiar Terje Nilsen ved museet.

– Eg står her og ser på flammene no. Det brenn opp av eit hol i taket og ser jævlig skummelt ut. Brannvesenet driv og sløkkjer, og det kan verke som dei har kontroll, seier Nilsen til NTB.

Ingen skadd

Brann Rockheim

Alt tilgjengeleg mannskap deltok i sløkkingsarbeidet.

Foto: MMS-foto Elisabeth Skarrud / NRK

Politi og brannvesen rykte raskt ut til staden. Ambulanse var også på staden, med det er ifølgje operasjonsleiar Wiktor Pedersen ved Sør-Trøndelag politidistrikt ikkje meldt om personskadar.

– Ingen personar er skadd , men ein del arbeidarar blei evakuert mellom anna frå stillas då brannen starta, seier Pedersen til NRK Trøndelag.

Brannen starta truleg i lokala der museets faste utstilling skal stå.

Ingunn Sand er ein av prosjektleiarane ved Rockheim til NRK Trøndelag.

Ho fortel at brannvesenet har slått hol i veggen og at fleire brannfolk dreiv sløkkjearbeid på taket.

Heldigvis er ikkje utstillinga installert enno, så det er ikkje nokon fare for at verdifulle og historiske ting skal gå tapt, seier prosjektleiar Terje Nilsen til NTB.

Hjarteskjerande syn

Dagleg leiar ved Rockheim, Arvid Esperød, er sterkt prega av brannen i rockemuseet.

Han starta arbeidet med å planlegge senteret 3. august 2006 og 9. februar 2007 annonserte dåverande kulturminister Trond Giske ein tilbodskonkurranse for byggeprosjektet.

– Det er hjarteskjerande å sjå at det brenn. Eg håpar at hovudutstillingsdelen har unngått dei største skadane, seier Esperød.

Han legg til at det er for tidleg å seie noko om brannen vil utsette den planlagte opninga av museet i mars.

– Gudskjelov, ser dette ikkje ut til å bli ein storbrann, seier Esperød.

Giske-prosjekt

Det nasjonale senteret for pop og rock er eit av tidlegare kulturminister Trond Giskes prestisjeprosjekt.

Museet har ansvar for å samle inn, ta vare på og vidareformidle norsk populærmusikk frå 1950-talet og frem til i dag. Når Rockheim opnar vil inntil tjue årsverk vere involvert i dette arbeidet.

Senteret ligg på Brattørkaia i Trondheim.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.