Hopp til innhold

Beste låt er ikkje skriven

Etter over førti år i rampelyset meiner Åge Aleksandersen at han ikkje har skrive sin beste låt enno.

Åge Aleksandersen
Foto: Falch, Knut / SCANPIX

I kveld kan du høre ham og Sambandet live sammen med Kringkastingsorkestret. Opptaket er fra de to konsertene han spilte sist helg på Rockefeller i Oslo. Der var det feststemning med allsang og fult trøkk fra scenen.


Mange vil dra fram "Lys og varme" som Åge Aleksandersen aller beste låt.

Sjølv meiner 60 års jubilanten at han har til gode å skrive den beste og viktigaste låten sin.

- For meg er det alltid den songen eg ikkje har skrive som er den viktigaste. Eg ser heile tida framover mot ei anna plate. Det mest interessante er dei songane eg ikkje har skrive, seier Åge Aleksandersen til NRK Trøndelag.

Han legg til at "Lys og varme" nok ligg nært opp til den beste songen.

God med publikum

I 1969 bestemte Åge Aleksandersen seg for å satse på musikk og eit liv som artist. I eit heilt liv har han turnert land og strand.

Kvart år står han ansikt til ansikt med mellom 100 000-150 000 menneske. Han trur kontakten med publikum har vore avgjerande for at han har blitt så populær.

- Eg har vore flink å pleie publikum. I tillegg har eg eit langt og trufast forholdt til mange arrangørar, seier Aleksandersen.

Artikkelen held fram under biletet.

Åge Aleksandersen - årets artist Spellemannprisen 1984

Åge Aleksandersen fekk prisen for årets artist under Spellemannprisutdelinga i 1984.

Foto: Gjellesvik, Inge / Scanpix

Men mange år i bransjen og stor suksess har også ei bakside.

- Dei rundt meg har måtte finne seg i å vere åleine når eg har reist på jobb. Den sosiale strukturen rundt eit menneske som vel å leve av musikken på denne måten, er slik at eg må jobbe mens andre har fri.

Gamal kaill

Laurdag rundar den folkekjære trønderen 60 år. I spegelen om morgonen ser han ein mann som har levd eit langt liv.

Gratulerer: Send din hilsen til Åge

- Eg ser ein gamal kaill som har levd eit steinhardt liv. Men eg syns sjølv at eg er sørgeleg lite prega av denne Åge Aleksandersen-verda, seier Aleksandersen.

Han legg til at når artistjobben er over, er det heilt andre verdiar som får fokus hos jubilanten.

- Då er det hytta, sofaen, fotball, bøker og barnebarn som gjeld. For meg er det viktigast når det gjeld feiringa, seier Aleksandersen.

Langfredag sender NRK1 eit portrett av Åge Aleksandersen klokka 2010.