Sjukdomen hemokromatose kan korte ned livet til den som er ramma med 5 til 7 år, seier overlege Arne Åsberg ved St. Olavs Hospital.
- Omlag 1 av 1 000 har denne sjukdomen, så det er ein av dei hyppigaste medfødte stoffskiftesjukdomane vi har.
Overlege Arne Åsberg ved St. Olavs Hospital. Foto: NTNU.
Tilrår screening
Under den siste store HUNT-undersøkinga fann ein den arvelege stoffskiftesjukdomen, hemokromatose, hos 270 nordtrøndere. Dei fleste av desse var menn.
Sjukdomen skuldast ein medfødt tendens til å ta opp meir jern frå maten enn det kroppen har bruk for og det hopar seg då opp eit jerndept som kroppen ikkje greier å kvitte seg med.
Dette kan skade lever og andre organ. Overlege Arne Åsberg har tatt doktorgrad på hemokromatose og han tilrår ei undersøking ved hjelp av screening for å finne unge menn som ber på denne arvelege stoffskiftesjukdomen.
Testing på sesjon
Åsberg har granska både eigne og andre sine data, og meiner det er bryet verdt å prøve screening.
- På lang sikt kunne eg tenkt meg at alle som kjem til helsesjekk på sesjonen blir screena. Ved å gjere det på denne måten når helsevernet denne gruppa. Ellers har dei store vanskar med å få teste dei unge mennene. Viss ein hadde greidd å identifisere dei som har arvestoffet som gjer at ein kan akkumulere jern, så vil ein samstundes identifisert ein glimrande blodgjevar populasjon.
Ein ubehandla hemokromatose gjennom mange år er ein livstrugande tilstand.