Hopp til innhold

– Flåm får fordelane framfor NSB

Det er uhøyrd at NSB skal subsidiere reiselivet i Flåm. Det seier SV-politikar i Hordaland, Kjartan Haugsnes.

Flåmsbana - Flåm stasjon

BØR FÅ NY AVTALE: Sv-politikar, Kjartan Haugsnes, meiner NSB bør få på plass ein avtale som sikrar at hovuddelen av overskotet frå Flåmsbanen går tilbake til drifta av jernbanen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Selskapet Flåm Utvikling, som hentar inntektene sine frå Flåmsbanen, har sidan 1997 hatt eit overskot på nærare 200 milllionar. NSB har fått svært lite av dette.

NSB får ulempene, medan Flåm får fordelane, meiner togentusiast og SV-politikar frå Vaksdal i Hordaland, Kjartan Haugsnes.

– Avtalen har vore svært gullkanta for Flåm, og det ser mest ut som ei avtale som er snikra av blåruss og reiselivsfolk, seier Haugsnes.

Avtalen går ut ved nyttår

Medan mykje av reiselivssatsinga i Flåm går i minus, har selskapet Flåm Utvikling i Aurland Ressursutvikling, som hentar inntektene sine frå Flåmsbanen, hatt ei eventyrleg inntening dei siste åra.

Bakgrunnen for dette er ein gullkanta avtale med NSB, der Flåm Utvikling står for markandsføringa av Flåmsbanen, mot at selskapet får alle inntektene. NSB driftar Flåmsbanen til kostpris.

Avtalen mellom NSB og Flåm Utvikling går ut ved nyttår. Haugsnes, som er kommunepolitikar i Vaksdal og tidlegare medlem i samferdselsutvalet i Hordaland fylke, har følgjande melding til NSB:

– Signala mine til NSB er å få på plass ein avtale som sikrar at hovuddelen av overskotet går tilbake til drifta av banestrekka.

– Ein distriktssuksess

NSB ønskjer ikkje å kommentere utspelet frå Haugsnes, men Ivar Bjarne Underdal, styreleiar i Flåm Utvikling, har liten sans for utspelet frå Haugsnes.

Haugsnes meiner det lokale næringslivet i Flåm får alle fordelane, medan NSB som så sårt treng meir pengar til betre drift og vedlikehald, sit igjen med ingenting.

– Å seie at NSB subsidierar lokalsamfunnet i Flåm er så tullete som det går an å bli. Sanninga er den stikk motsette. Det er det lokale næringslivet, og dei lokale satsingane, som har gjort Flåmsbanen til ein suksess, ikkje det motsette. Slik er det i framhaldet også, seier Underdal.

(Artikkelen held fram under biletet)

Flåmsbana ved Berekvam

MILLIONOVERSKOT: Flåmsbanen har sidan 1997 hatt eit overskot på nærare 200 millionar. Meir av overskotet burde gå tilbake til NSB, meiner SV-politikar.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Haugsnes meiner det lokale næringslivet i Flåm får alle fordelane, medan NSB som så sårt treng meir pengar til betre drift og vedlikehald, sit igjen med ingenting.

– Dei skadelidde blir faktisk den som generar overskotet. Her har du ei jernbanestrekke som generar eit stort overskot, og dersom mine opplysingar stemmer, så går overskotet til alt mogleg anna enn å drive denne bana, seier han.

– Og i neste omgang, når det trengst vedlikehald både på skinner og infrastruktur og på nytt togmateriell, så kjem ein til å forlange at Staten går inn. Om Staten då går inn så vil dei kryssubsidiere næringsutviklinga i kommunen. Det kan ikkje vere intensjonen med å drive jernbane.

– Ein distriktssuksess

Underdal meiner Haugsnes er destruktiv, og at Flåm har skapt ein suksess i distriktsnorge som har evne til å vere ein motor for heile fjordnorge, samt utanlands trafikk i heile Norge.

– Det bør folk slå seg til ro med, at det faktisk går an å skape suksess i distrikta. Det er ikkje til å underslå at det er ein suksess. Då får alle kreative krefter som ønskjer å vinkle dette negativt, jobbe med sin destruktive agenda, men vi må jobbe med vår konstruktive agenda, seier han.

Men Haugsnes står på sitt, og meiner at med eit besøkstal på over 600 000 i året, burde Flåmsbanen vere tilstrekkeleg til å halde oppe eit godt næringsliv i Flåm og i kommunen elles.

– Om næringslivet i Flåm er avhengig av ei statleg pengeinnsprøyting årleg, så er vel kanskje ikkje dette næringslivet liv laga, seier han.