Hopp til innhold

Reiselivsselskap tapar store pengar

Dei fleste reiselivsselskapa i turistbygda Flåm tapar store pengar. Kun Flåmsbana går med stort overskot.

Flåmsbana

OVERSKOT: Flåmsbana er den einaste av reiselivsselskapa i Flåm som går med overskot. Resten har raude tal.

Foto: Merete Høidal / NRK

Utan ein svært lukrativ avtale med NSB, der lokalsamfunnet får store delar av inntektene frå den suksessrike Flåmsbanen, ville det sett mørkt ut for mykje av reiselivssatsinga i Flåm.

Berre Fretheim Hotell har tapt nærare 50 millionar kroner sidan år 2000. Selskap som driv med camping, fjordcruise, næringsutvikling og pensjonat har også raude tal.

– For dårleg

Noralv Distad

FOR DÅRLEG: Ordførar i Aurland kommune, Noralv Distad, meiner det er for dårleg at dotterselskapa i Flåm går med underskot.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Ordførar Noralv Distad er ikkje nøgd med denne utviklinga.

– Vi må ha auka fokus på å få plussresultat også i dotterselskapa. Resultatet i dag er for dårleg, seier Distad.

Slår ein saman dei delane av Aurland Ressursutvikling som ikkje omhandIar billettinnetekter frå Flåmsbanen, taper selskapet, i følgje Dagens Næringsliv, 30 kroner for kvar hundrelapp i omsetning.

– Langsiktig jobb

Dotterselskapa til Aurland Ressursutvikling er med andre ord svært dårleg butikk. Men Ivar Bjarne Underdal, styreleiar i Aurland Ressursutvikling, meiner ein må vere tolmodig.

– Det er ein jobb som treng nye femten år, som vi er innstilt på å ta, og som vi investerer langsiktig for å ta, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Flåm

TAPAR: Reiselivsselskapa i Flåm, med unntak av Flåmsbana, tapar store pengar. Ordførar Noralv Distad meiner det er behov for attraksjonsutvikling i området.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

At Flåmsbana tener pengar medan dotterselskapa tapar forklarar han slik:

– Det er fordi at i eit sånt totalt rundturopplegg brukar du fellesarealet i naturen og kulturen i regionen. Og så er det på Flåmsbana vi har kasseapparatet. Likevel er Flåmsbana sin suksess eit resultat av eit breitt produkt, seier Underdal.

Hotellet satsar stort

Fretheim Hotell i Flåm

UNDERSKOT: Fretheim Hotell i Flåm tapt nærare 50 millionar kroner sidan år 2000

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Eit av dotterselskapa, Fretheim Hotell, har gått nærare 50 millionar i underskot år 2000. Øivind Wigand, som vart tilsett som ny hotelldirektør no i vår, vil ikkje spekulere i kva som har gått gale. Han vil berre sjå framover.

– Den utviklinga skal vi snu med tanke på at vi skal auke kvaliteten på det produktet vi har. Det har vi allereie begynt med i og med at vi har pussa opp for fleire millionar kroner allereie, og vi held fram med dei planane neste år også. Så vi skal på bana og konkurerre i det segmentet der Ullensvang, Solstrand, Kvikne og Alexandra i Loen ligg på, seier Wigand.

Sjølv om det kan kanskje kan verke risikabelt å bruke mykje pengar på oppussing etter å ha tapt pengar over lengre tid, meiner Wigand det er naudsynt.

– Flåm er ein fantastisk destinasjon, og den treng eit breitt spekter av tilbod, og då treng den også eit høgkvalitetshotell, seier hotelldirektøren.

Forventar inntekter

Ordførar Distad forventar på si side at både Fretheim Hotell og dei andre datterselskapa under Aurland Ressursutvikling byrjar å tene pengar.

– Det er jo eit aksjeselskap det her, som ein har vald for å utvikle området, og då må ein også forvente at desse selskapa, både samla sett og enkelt vis, skal drivast forretningsmessig og oppnå positive resultat, seier Distad.

Han har tidlegare sterkt flagga at Flåm må leggje større vekt på å vere ein heilårsdestinasjon.

– Vi veit også at det er behov for attraksjonsutvikling i området, så det må vere fokus i tida framover, seier ordføraren.