Hopp til innhold

NCC saksøkjer fylkeskommunen for 93 millionar for ekstrakostnader

Entreprenør NCC meiner ras og uventa mykje rote fjell har gjeve dei store ekstrakostnader i samband med Dalsfjordsambandet. No krev dei pengane att frå Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Dalsfjordbrua 11

ERSTATNING: Entreprenørfirmaet NCC meiner ras og uventa mykje rote fjell har forseinka Dalsfjordbrua med eitt år. No krev dei erstatning frå byggherre Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Foto: Arne Stubhaug

Firmaet saksøkjer Sogn og Fjordane fylkeskommune for 93 millionar kroner.

Tilbodet på ti millionar kroner frå fylkeskommunen, vert blankt avfeia. NCC byggjer veg og tunnelar fram til brufesta på begge sider av den etterlengta Dalsfjordbrua.

– Eg meiner tilbodet er useriøst, seier advokaten til NCC, Nils-Henrik Petterson i advokatfirmaet Schjødt.

Auka med 30 millionar

Det var ein stor jubeldag for brukarane av sambandet då første salva small i oktober 2010 . Endå større, då siste salva small i desember i fjor.

No kjem blåmåndagen for fylkeskommunen, som er byggherre på prosjektet. I kontakten med fylkeskommunen skal NCC få 337 millionar kroner for jobben.

Ekstrakravet på 93 millionar kroner utgjer med andre ord heile 28 prosent av den opphavelege kontraktssummen.

– Krava er uvanleg store. Det er det ingen tvil om, vedgår Petterson.

Eitt års forseinking

Advokaten fortel at det spesielt er problem på nordsida av fjorden som har skapt plunder og heft. NCC meiner problema har ført til eit års forseinking.

– Det var mellom anna store forseinkingar med å kome i gang med Ottersteintunnelen. Det var også slik at fjellforholda der tunnelen skulle gå var annleis enn ein venta slik at starten på tunnelen måtte flyttast sju gonger, seier advokaten.

Firmaet krev òg pengar for ekstrakostnader etter det dramatiske raset på Sæternes, på sørsida aust for Dale, i februar i fjor. Ein lastebilførar slapp med skrekken då bilen hans vart knust av eit tunnelras.

– Høgt søksmål

Dersom NCC skulle vinne i tingretten, vil det vere særs alvorleg for ein fylkeskommune som allereie har leitt med lys og lykte for å finne pengar til opprusting av Olden - Innvik .

Jan Øhlckers

HØGT: Fylkesrådmann Jan Øhlckers.

Foto: Steinar Lote / NRK

I tillegg kjem ei gigantrekning etter uveret «Dagmar» i romjula. Søksmålet er difor lite lysteleg lesnad for fylkesrådmann Jan Øhlckers.

– Søksmålet er jo høgt i høve til det vi har av investeringsmidlar og i høve til sjølve prosjektet. Vi har i fleire rundar prøvd å kome til forlik, men det som er att no vurderer eg som relativt truleg at vi må møtast i retten på, seier han.