Hopp til innhold

Lastebil knust av tunnelras

300 kubikkmeter med stein knuste ein lastebil under arbeid i ein tunnel torsdag kveld.

Lastebil knust av tunnelras

KNUST: Eit stort steinras knuste denne lastebilen.

Foto: Statens vegvesen

Lastebilen fekk store skader då store steinblokker ramla ned. Ulykka skjedde under arbeid ved Dalsfjordsambandet i Fjaler.

Føraren av lastebilen kom frå raset utan fysiske skader, skriv firda.no.

– Det kunne gått langt verre, seier prosjektleiar Einar Kåre Hovland.

Berre lastebilen skadd - folk kom unna

Ifølgje prosjektleiaren rasa 200-300 kubikkmeter stein i går kveld ned i den påstarta Sætenestunnelen på Dalsfjordsambandet.

Ein lastebil var på veg ut av tunnelen med steinmasse då raset gjekk, og ein shovel hadde akkurat komme seg ut i dagslys.

- Vi hadde sprengt sju-åtte meter tunnel. Under utlassing rasa tunnelen saman. Vi fekk ikkje skader på anna enn lastebilen - det var ikkje personskade, seier Hovland til NRK.no.

Var berre sekund unna ei katastrofe

Like før raset gjekk var det tre personar inne i tunnelen. Like etter at dei gjekk ut rasa steinmassane ned.

- Kor dramatisk var det?

- Det er klart at det er snakk om sekund. Hadde shovelen vore litt lenger inne, kunne den ha fått stein på seg - og då kunne det blitt farleg, seier Hovland.

- Det som ofte er problemet, er dagsona - dei første metrane av tunnelen, der fjellet er av dårlegare kvalitet. Det er ikkje uvanleg at det skjer eit ras i ein tunnel, men det er noko vi prøver å unngå heile tida, seier prosjektleiaren.