Hopp til innhold

Betongbil kvelva på glatta

Føraren vart kasta ut av førarhuset, då betongbilen hans kvelva og vart liggande på sida i vegbana. Mannen slapp unna med lettare skader.

Betongbil kvelva på rv 609

KRAFTIG SMELL: Førarhuset vart skilt frå resten av bilen.

Foto: MMS-foto: Eirin Aardal / NRK

Politiet fekk ved 13.20-tida melding om at ein betongbil hadde kvelva på fylkesveg 609 ved Bogevika mellom Holmedal og Eikenes.

Føraren kasta ut

Bilen vart liggande på sida. Føraren vart ifølgje politiet kasta ut av bilen. Han skal vere medviten - men han har smerter i brystet.

Sjåføren vart transportert til Førde Sentralsjukehus, der han var framme klokka 14.30.

AMK opplyser til NRK at manen, som er i midten av 30-åra, ligg på intensivavdelinga til observasjon, men at han slapp unna ulukka med lettare skadar.

Betongbil kvelva på rv 609

GODT RAMPONERT: Betongbilen kjem neppe i drift att.

Foto: MMS-foto: Eirin Aardal / NRK

– Eit vitne som køyrde bak betongbilen har fortalt at bilen fekk sleng på det glatte føret og gjekk i fjellveggen og velta så på sida i vegbana, seier operasjonsleiar Arild Stokkereit ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

– Svært glatt

– Det er svært glatt på vegen, seier Stokkereit.

Betongbilen var tom då ulukka skjedde, han hadde levert betong til Dalsfjordbrua.

Opna att

Betongbilen sperra vegen mellom Holmedal og Eikenes i vel tre timar. Ein bergingsbil frå Førde Bilberging var framme på ulukkesstaden i 15-tida, og vegden vart opna for trafikk att klokka 16.45.

Betongbil på sida ved Holmedal

PÅ TVERS: Betongbilen sperra heile vegbana.

Foto: MMS-foto: Eirin Aardal / NRK