Hopp til innhold

Gjennomslag for Dalsfjordbrua

Klokka 12.10 gjekk salva som gav gjennomslag i Ottersteintunnelen. Denne tunnelen er del av Dalsfjordsambandet som skal binde saman kommunane Askvoll og Fjaler.

– Dette har vore ein super dag. No har vi nett høyrt smellet, seier ein sprudlande ordførar i Askvoll, Frida Melvær, etter at gjennomslaget i Ottersteintunnelen var eit faktum.

– Smellet var godt å høyre. Det er ei god kjensle, seier Meldvær, som stod på Dalesida og såg over Dalsfjorden.

Det var nestleiar i samferdsleavdelinga i fylkeskommunen, Ole Ingar Hæreid, som fyrte av salva som gav gjennomslaget.

Melvær fortel at det var ein heil liten delegasjon både frå Vegvesenet, fylkeskommunen, formannskapet i Fjaler kommunen, samt rådmannen i Askvoll.

Melvær kallar gjennomslaget ein milepæl for Dalsfjordsambandet.

Arbeidet med Dalsfjordsambandet tok til hausten 2010 og er venta å vere ferdig seinhaustes 2013.